Kveldaseta blir skipa kvart år på Øvrebygda Skule. I år var det den 22.oktober. Mange møtte fram, og det blei samla inn over 20.000,- (rekord)  til TV-aksjonen, opplyser Bente Koløen til fitjarposten.no.

Ho fortel vidare at elevane ved Øvrebygda Skule hadde program med song, og at ordførar Harald Rydland heldt ein appell om innsamlinga til organisasjonen Blå Kors.
 
Elles var det sal av kaker, bollar, saft, gamle bøker og ting som ungane har laga, i tillegg til aktivitetar som tippe-konkuransar, «spøkelses-rom», lotteri og luftgevær-skyting.
Alt gjort på dugnad av elevar, lærarar og foreldra.
 
Det var òg åresal med utlodding, med  premiar som var gåver frå elevane, butikkar, hotell og cafe i bygda. -Eitt bra arrangement. Gymsalen var heilt full, seier Koløen til slutt.