Friluftsrådet Vest har fått 20 000 kroner til merking og gradering av tursti på Teløy.

Tildelinga er gjeven i samband med «Turløypeprosjektet på Vestlandet» som er eit storstilt samarbeidsprosjekt med nær 1000 involverte aktørar.

Det heile dreier seg om å skilte turløyper med gradering etter alpinstandarden. Økonomiske bidragsytarar er Hordaland fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen, i tillegg til dei tre andre vestlandsfylkeskommunane i sine fylke. Kommunane bidreg også med midlar.