Med fantastiske 95 poeng spelte Fitjar skulekorps seg nesten heilt til topps i 3. divisjon med stykket «The Bold and the Brave» av Richard Rock i NM for skulekorps, brass, i Stavanger i dag.

Dirigent var som vanleg Svein Koppang, og det var 13 korps som konkurrerte i denne divisjonen. Vinnar vart Sandnes skulekorps med 96 poeng.

– Heilt fantastisk :))) tårevått i salen! kommenterer Kitty Træet på Facebook.