Rett nok ikkje verdsmeisterskapen, men Arild Vik endte på ein flott 2. plass i årets Vestlandsmeisterskap i rallycross.

Siste runde av Vestlandsmesterskapet 2007 var køyrt i Bergen i helga. Arild vann to rundar og fekk ein andreplass i dei tre innleiande rundene før finalen. laurdag. Dette kvalifiserte til 2. startspor i finalen.

I finalen var det mykje vatn i banen etter dei enorme nedbørsmengdene,laurdag, og arrangørene vurderte å stoppe stemnet. På første langstrekket var det til dømes enorme dammar, noko som gjorde det svært  vanskeleg å styre i stor fart. Løpet ble likevel avvikla,  utan større uhell, men drog veldig ut i tid.

Det blei en nervepirrende finale, der ingenting var avgjort før siste sving. Arild kom til slutt inn på 3. plass etter å ha vore med på en massekrasj rett etter start, der bilar dundra i alle retningar.

Vinnaren av finalen blei Lars Reidar Frøyland fra NMK Vikedal, som lå tett oppunder Arild samanlagt før stemnet. Dermed gjekk Lars Reidar Frøyland i tet samanlagt og vanna Vestlandsmesterskapet 2007. Arild Vik ble nr. 2  med sitt comeback, etter 7 år borte fra rallycrossen.
-Eg er nøgd med resultatet, men synest likevel det var synd at gullet glapp berre svinger før mål, i siste runde, kommenterer Arild.