Fitjar skulekorps stakk av med andreplassen i sin divisjon under helgas Fanafestival.

Fitjar skulekorps har tidlegare deltatt på Sotrafestivalen på denne tida av året, men den vart i år avlyst grunna for få påmeldte. Difor tok dei turen til Fanafestivalen.

Korpset spela 4 stykker, og sparte ikkje på konfettien. Dommarane lot seg imponera, og dirigent Svein Roger Koppand melder om flotte dommarkommentarar.

– Dei gjorde ein strålande innsats, og me er nøgde med ein sterk andreplass, fortel Koppang.

Fitjar skulekorps hadde ogso med seg to ensemblegrupper, ei grupper med kornettar og ei med trombonespelarar. Og som om ikkje andreplass for korpset var nok, stakk ensemblegruppene av med 1. og 2. plass.

På toppen av det heile vart det 2. og 7.plass på solistane til Fitjar skulekorps.

– Stor takk til foreldre og musikantar som har vært med på å bidra til at dette vart ein kjempesuksess, uttalar Koppang.

Fitjarposten gratulerer!