Det nye «Galleri 2 kråker» vart opna fredag ettermiddag, og har halde ope både laurdag og søndag denne helga.

Du forstår det med ein gong du finn inngangspartiet med eit toalett ståande ved døra, med påskeliljer i, at dette er ikkje eit heilt vanleg galleri. Vel innanfor døra vert du møtte av varme, kaffilukt, kunst og handverk. Damene bak galleriet stråler om kapp med sine eigne produkt. Her finn du flotte ullprodukt som stort sett er bruksting. Strikka eller hekla og tova av Irene Karina Torvund som held hus på Nesbø, og flott glaskunst og maleri i ulike teknikkar signert Alma Kjærland, som i til vanleg har adresse i Dåfjorden. I tillegg til det er Alma, som ho seier sjølv, litt steingalen og har laga til ein liten steinavdeling, spesielt med tanke på ungane. Ho vil at dei skal koma innom galleriet, og då veit ho at mange av dei er fasinert av fine steinar. Medan ho bobler over om ungar, kunst og steinar ramlar det inn 4 høflege gutar som takkar ja til nysteikte lappar og som gjerne vil ta ein til kikk på steinane. Her finn dei kvarts frå Hardanger og Tinnsjø, ametyst frå Brasil, turmalin frå Stord og mykje meir. Steinane kan kjøpast, og gutane fortel at dei allereie har sikra seg nokre godbitar. På spørsmål om det er kjekt med stein, kjem det eit rungande «Ja!» «Og da e eg så har mest», kjem det gledesstrålande frå ein av dei yngste. Dei har mange spørsmål og. Kvar finn einslike steinar, korleis lagar Alma glaskunsten sin…? Alma ser ut til å vera glad for spørsmåla. Ho trivs saman med ungane og forklarer villig korleis alt fungerer.

Irene og Alma er overvelda over den enorme mottakinga dei har fått rundt opninga av galleriet. Dei har fått fleire blomebukettar en dei har vasar, og det har vore mange folk innom. «Til og med mannfolk», kan Irene fortelja, «sjølv om nokre av dei måtte lokkast inn». Selt ein del har dei og fått. Alle dei lilla ullprodukta til Irene er vekke. Dei har og fått mange bestillingar. Her lagar dei det kundane vil ha, og bestillingslistene vert lett lange. «Nei, me hadde aldri trudd me skulle få slik respons», seier dei begge. «Endå me nesten ikkje hadde annonsert». Gutane lagar mange unnskyldingar for å ikkje gå. Dei likar seg her, og det gjer og damegjengen som sit i sofaen med kaffi og lappar. Dei har kikka og handla tidlegare og nyt no berre stemninga og fellesskapet. Begge gallerieigarane er svært sosiale, og vil gjerne at folk slår seg ned med ein kaffikopp og slår av ein prat.

Førebels kjem galleriet til å vera ope i helgene, og etter avtale. Alma, som held på med så mange ulike teknikkar kjem til å arbeida litt her, og kallar galleri-leilegheita for si hytte. «Hytta» ligg ved innkjørsla til hytteområdet Kråko.  

Dei har mykje å snakka om desse damene, og legg mykje positiv livsvisdom i det dei gjer. Alma gjekk med ein draum, eller rettare sagt ein plan, om å gjera noko nytt når ho vart 66 år, inspirert av Wenche Myhre sin song: Når man blir 66. Så fekk ho  med seg Irene og 10. februar overtok dei leilegheita og tok til å innreia galleriet. Derfor har det blitt lite produksjon i det siste, så no må dei stå på for å halda unna alle bestillingar og samstundes ha varer i galleriet. Men dei trur det skal bli god tid til det no. Med berre ope i helgene har dei heile vekene på seg til å produsera.

Journalisten får og nysteikte lappar. «Eg går ut frå at dette er slik nyopna-service», seier eg mellom tyggene. «Neida», svarer damene, «du skal ikkje sjå vekk frå at det ofte vert servering her». «Det kostar så lite, og det lagar ein heilt anna stemning», seier lappe-general Alma. «Me er så heldige som får halda på med dette». Fru Kjærland er den erfarne med 20 år bak seg som kunstnar. Ho er nok mest kjend som porselensmalar, og fortsatt er produkta hennar like populære. Irene påpeikar at ho er flink til å fornya seg. Det skal vera visst. No skal ho og til med steinsliping. Det er kundane det som utviklar oss, skyt Alma inn. Og så snakkar dei varmt om malekurs i Frankrike og malekurs hos Hedmann. Det er så spennande.

Gallerieigarane håpar fortsettinga vert like bra som starten, sjølv om dei ikkje forventar like mange folk heile tida. No gler dei seg til at det skal bli påske og håpar dei i tillegg til å få besøk av folk frå Fitjar kan få ein del hyttefolk innom.

Heime på kjøkenet mitt heng det no ein fin kvit glasengel som  minnar meg om damene som seier at «det går ikkje an å setja seg ned å synast synd på seg sjølv, me må bruka mulighetane me har, me er jo så heldige!» Ein flott  motivasjon for å driva galleri på Fitjar.