Toarlaget til Fitar IL har vunne bedriftsserien etter siger 5-2 mot politiet torsdag kveld.

Før seriefinalen i går kveld var det klart at toarlaget berre hadde bruk for eitt poeng for å gå til topps i bedriftsserien. Og det var eigentleg aldri tvil om kva veg det ville gå. Med to tidlege scoringar av Vegar Helland fekk dei kampen inn i sitt spor, og då lagleiar Rune Skumsnes la på til 3-0 rett før pause, var det eigentleg avgort.

Midt i andre omgang gekk dei opp til 4-0 ved Ingve André Strand, før Rune Skumsnes la på til 5-0 et par minutt seinare. Då var spenninga over, og det kunne sjå ut som om konsentrasjonen glapp litt i sluttminutta. For politiet slapp til med to unødvendige scoringar i løpet av dei siste 10 minutta, slik at kampen enda 5-2 til Fitar-gutane.

Alt i alt ein velfortent siger til 2-arlaget, som var betre enn politiet i alt. I ein kamp med stort tempo og mange målsjansar var dei betre enn motstandarane sine i det meste. Dei var raskare på ballen, og hadde meir bevegelse i angrep. Men utan ein god og heldig Karsten Rasmussen i målet kunne det ha blitt jamnare enn nokon fitarbu ville likt.

{webgallery}{/webgallery}