Fitjar spilte måndag ettermiddag sin første treningskamp for året, og kom vel i frå det då dei vant 2 – 0 over Gran. Gran, eit lag med spelarar frå Ølen /Vikedal-området som har pendla mellom 3. og 4. divisjon dei siste åra, syntest svært tent for å vinna kampen. Men allereie etter 8. minutt tok Fitjar leiinga. Ronald Skår nikka då kontant i mål etter eit glimrande innlegg frå Gjert Ståle Olsen, og i andre omgang gjentok nesten det same seg då Sindre Andreassen ekspederte ballen i nettmaskene etter eit innlegg frå Åsmund Sørfonn.

Trenar Dicky Stensohn seier til Fitjarposten at han er bra nøgd med kampen, særleg det defensive arbeidet som blei gjort av gutane. –Men det er no så som så å spela på grus. Hadde me møtt dei på gras, skulle me nok utspelt dei endå meir, meiner han.