Vindmølleparken på Fitjar. Foto: Ingrid Hovstad

Har erkjent å stå bak skadeverket.

Politiet meldte søndag kveld at fleire bilar som stod parkert ved vindmølleparken hadde blitt utsett for skadeverk.

Seinare på kvelden korrigerte politiet desse opplysningane. Det var berre snakk om ein bil som var skada.

– Det skal berre ha vore éin bil som var skada. Knust vindu i førardøra, samt sår i lakken på bilen, opplyser politet.

Ein 19 år gammal mann har erkjent å stå bak skadeverket.

– Etter å ha vore i kontakt med vitne på staden fekk politiet etter kvart kontakt med ein mann på 19 år, opplyser politiet.

Skadane skal ha blitt forårsaka av at 19-årinngen spant med bilen så nærme at den parkerte bilen fekk skadar.

– Eigar og mistenkte gjer opp seg i mellom, melder politiet.