Ein 18-årig fitjarbu køyrde i går kveld utfor vegen på Raunholm. Han vart ført til sjukehus med skader, men dei skal ikkje vera alvorlege.

John Karsten raunholm skriv følgjande til fitjarposten.no.

-Om lag klokka 19.00 skjedde det ein kraftig kollisjon på Raunholm nordre. Ein personbil har kome frå nord og truleg fått skrens i ein sving. Den har sklidd sidelengs inn i enden på autovernet. Deretter har den gjort ei kollbøtte over gang- og sykkelstien og havna  på nedsida av vegen. Det var heldigvis berre bilføraren i bilen. Vedkommande vart henta i ambulanse. Bilen er totalvrak.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.11, og opplyser at bilføraren, ein 18-år gamal mann, var åleine i bilen.