Toralv Røen monterer infotavla. Foto: Kulturkontoret

På torsdag opnar den nyrydda Kolerakyrkjegarden på Vestbøstad.

– Det blir offisiell opning med ordførar Harald Rydland av Kolerakyrkjegarden torsdag 14.november kl.16.30, opplyser Bente Bjelland, kultur- og informasjonssjef i Fitjar kommune.

Sokneprest Roald Drønen held minnetale og velsigning av kyrkjegarden. Medan Magnar Kloster fortel historia om då koleraen kom til Sunnhordland og Fitjar.

– På kolerakyrkjegarden ligg det gravlagd 22 personar i alderen 2-85 år som døydde av kolera i 1849. No er kyrkjegarden endeleg klar til å verta presentert som det viktige kulturrminnet den er, fortel den oppglødde Bjelland.

Fitjar kulturkontor har koordinert arbeid med rydding og skilting av kolerakyrkjegarden.

Ungdomsteamet til NAV, laget har hjulpe til med å fiksa opp kolerakyrkjegarden. Foto: Kulturkontoret

– Toralv Røen og ungdomsteamet til Nav «Laget» har jobba i ein lengre periode med å laga tursti frå leikeplassen, og har rydda kyrkjegarden. I haustferien var det også fleire ungdommar på dugnad og gjorde ein kjempe innsats, fortel Bjelland.

Ho takkar sogelaget v/Magne Kloster som har laga tekst til ei infotavle, og Helland CNC som har laga alle skilta.

- Annonse -