Me har tidlegare lagt ut 17. mai-prologen til Tiril Bukkholm Stegane. Etter oppfordring legg me òg ut talen Svein Kåre Meling heldt i Håkonarparken.

17. mai-tale Fitjar 2011.

Gode sambygdingar og anna godtfolk! Gratulera med dagen!

Herborg Maria heitte ei kvinne eg har hatt det privilegiet å kjenna.

Ho var fødd på Møgster i 1902.

19 år gammal vart ho gift og flytta heim til mannen på ei anna øy i Austevoll.

Her vart ho småbrukarkone på eit lite gardsbruk med fire kyr, gris, sauer og høns. I huset budde frå før Lars sine foreldre, ei ugift tante, fasto vart ho kalla, og tre ugifte jenter, Lars sine søstrer. Dei tre gamle sov i stova.

Var det enkelt å komma inn her som husfrue 19 år gammal? Nei, sikkert ikkje, dei gamle visste nok korleis dei ville ha det og korleis arbeidet skulle gjerast. Eg synest eg høyrer dei: ”Me pleier no gjera det slik her”.

Men Herborg var forstandig og diplomatisk og ikkje minst var ho sterk både fysisk og psykisk. At ho var fysisk sterk kom vel med, for her var det just ikkje  arbeidsløyse. Når møka skulle ut, måtte ho kjørast i trillebår sidan dei ikkje hadde hest. Då måtte Herborg vera hest. For å spara armane litt, hadde ho eit tau frå kvart handtak og over nakken.

I slåttonna svinga ho langorven som ein kar.

For å komma til handelsmann måtte dei i båt, ro sommar som vinter. Nordvesten kunne vera både tung og farleg. Mjøl vart kjøpt i 50 kilo-sekker. Dei bar Herborg på ryggen heim frå bryggja, rundt 500 m i bratte trapper og så ulendt terreng at trillebåra ikkje kunne brukast.

Klesvask gjekk føre seg på ein liten holme der det var ei tjørn. Då var det å ta skitnekleda, ei stor gryte og tørr ved med seg i færingen og ro over. Vatn frå tjørna vart kokt opp i gryta over ei lita grue, kleda vaska på vaskebrett og skylde i tjørna etterpå. Så rodde dei heim og håpa på god klestørk.

Når det bar til med barnefødslar i huset eller på nabogardane, måtte jordmor hentast i allslags ver. Skjedde dette når mannfolka var på fiske, og det kunne saktens henda, familieplanlegging var vel mindre vanleg då, måtte kvinnfolka eller gamlekarane til pers. Herborg var god til å ro og var ikkje redd på sjøen.

Og så var det det daglege fjøsstellet, det var kle som skulle syast og bøtast, ull skulle kardast og tråd spinnast, vottar, kufter og underklede strikkast. ”Vavettene” som Lars skulle ha på fiske, måtte vera store slik at dei kunne tova seg passelege i sjøen.

Når kvelden kom, kveldsmaten og oppvasken unnagjort og ungane lagde, kunne ho setja seg ned. Då var det fram med handarbeidet, sitja gjerandslaus var utenkjeleg.

Herborg var flink til å brodera, og mellom alt fint ho laga var dette:

Med nål og tråd skreiv ho livsmottoet sitt på fint stoff. Denne kvinna som arbeidde og streva frå tidleg morgon til seine kvelden og saktens hadde mange suter, broderte vakre bokstavar som vart til følgjande tekst:

” Vær alltid fornøiet, ha stedse for øiet at du har det godt”.

Dette fekk ho sett i glas og ramme og hengde det opp på stoveveggen både til pynt og til påminning. Der heng det den dag i dag.

Kva var det ho hadde å gle seg over då, kva var hennar grunnar til å vera fornøgd?

Jo, ho var glad og takksam for at ungane denne kvelden òg kunne leggja seg gode og mette, at dei sov trygt og godt på halmmadrassene sine, og at dei no var friske og kjekke igjen etter kusma som hadde vore så hard.

Ho var takksam for ein stødig og påliteleg mann, ein god forsørgjar som var glad i henne, og for at han også denne våren var komen velberga heim frå sildefisket.

Ho kunne gle seg over at dei kvar dag hadde mat på bordet og pengar til det mest nødvendige. Noko luksus brydde ho seg ikkje om, men gledde seg når litt pengar kunne leggjast til side og sparast opp til eit fint koppesett.

Ho gledde seg over gode naboar som levde livet sitt på same vis og som ho kunne få hjelp av og gje ei hjelpande hand igjen.

Ho var i det heile glad og takksam for at nokon hadde bruk for henne, at ho kunne få vera noko for andre.

Ja, ho syntest ho hadde mykje å gle seg over, mange gode grunnar til å vera fornøgd!

I dag feirar me 197 årsdagen for grunnlova, Herborg Maria ville vore 109 år.

Har me grunn til å vera like fornøgde som ho var?

At ungane våre kan leggja seg gode og mette, tek me for gitt, slik me tek for gitt at dei har kler og elles alt dei treng. Kusma og andre barnesjukdommar treng me ikkje anka på lenger.

Sidan me slepp å bera 50 kilos mjølsekker heim frå handelsmannen, betalar me oss inn på treningsstudio og styrkjer kroppen ved å løfta tunge ting der.

Har me noko me ynskjer oss, vil me kjøpa det med det same utan å måtta spara til det.

Klesvasken og oppvasken ordnar me med å trykkja på ein knapp.

Me slepp å ro for å henta jordmor eller dokter.

Dett eg og bryt meg sund i fjellet, vert eg henta i helikopter og frakta til sjukehus utan at det kostar meg ei krone.

Er me misfornøgde med sommarveret eller hausten er kald og våt, set me oss på eit fly til varmare strok og tiner oss opp der.

Kort sagt har me det betre enn nokon har hatt det før oss i historia og betre enn dei aller, aller fleste menneske på jorda i dag.

Me har eit velferdssamfunn med ordningar så gode at utlendingar knapt vil tru det.

Har ikkje me grunn til å vera fornøgde og takksame, kven har då grunn?

Eg veit ikkje koss det er med dåke, godtfolk, men eg må ærleg seia at eg ikkje broderer mykje. Eg burde gjerne brodert meir, men det blir nok ikkje til at eg set meg ned og broderer livsmottoet mitt slik Herborg Maria gjorde. Det er ikkje sikkert det er om å gjera heller, men eg trur me alle kan ha godt av å bruka litt tid til å tenkja over og minna oss sjølve på kor utruleg godt me har det.

Ikkje minst bør me snakka med ungane og barnebarna våre om dette, slik at dei får vita at det ikkje alltid har vore slik, at det ikkje er sjølvsagt at me skal ha det så godt.

Det er lett å vera misfornøgd, lett å leita etter noko å klaga over, lett å finna noko og.Det ville ikkje vore vanskeleg for Herborg Maria heller, men ho valde å vera glad og fornøgd, valde å sjå etter det positive heller enn det negative.

Slik vart ho eit positivt menneske, fann alltid noko å gle seg over. Aldri opplevde eg at ho var sur og misfornøgd, aldri snakka ho nedsetjande om andre.

Ho levde etter livsmottoet sitt.

Det betyr ikkje at ho godtok alt, at ho ikkje såg at noko kunne betrast. Mellom anna tok ho initiativet til å få telefon til øya, skreiv eit langt brev til ordføraren der ho argumenterte så godt at telefon kom.

Eg trur me og kan velja å vera slik, trena oss opp til å sjå det positive, sjå alt me har å gle oss over, gjera det til ein livsstil å vera fornøgde.

Herborg Maria sitt livsmotto trur eg me alle kan ha godt av å gjera til vårt.

Eg trur rett og slett me vert betre menneske og medmenneske av det, får det kjekkare i lag, ja, at me beint fram vert lukkelegare.

” Vær alltid fornøiet, ha stedse for øiet at du har det godt.”

Takk for meg og lukke til med den vidare feiringa av nasjonaldagen!