Det var reine 17. mai-stemninga under butikkopningane på Bensinstasjonsområdet i Fitjar i dag. I tillegg til det butikkane kunne by på var det både hoppeslott, ansiktsmåling og svært billig bensin.

Ikkje det at det var så uventa. Når ein svær REMA 1000 – butikk slepp folk inn for første gong med svært gode opningstilbod, når nyskapinga Fitjar Servicesenter opnar rett ved sida av og når Uno-X slår til med heilt unike bensinprisar, må det jo berre bli slik.

Uno-X leverte ikkje berre rekord-rimeleg bensin, dei fylte òg på gratis spylarveske og delte ut sitjeunderlag til alle som brukte pumpene i dag. Og me såg ikkje anna enn at svært mange nytta seg av tilbodet.

Hos Fitjar Servicesenter er noko av det første ein legg merke til den nydelege disken i stein, ny kiosk og store og små artiklar som er profilert på ein langt meir publikumsvennleg måte enn tidlegare. – Om ein veke eller to vil òg bilverkstaden vera på plass, seier Jo Kjetil Strand til fitjarposten.no. Mykje folk her òg.

Utanfor REMA 1000 hadde det danna seg lang kø lenge før butikken opna, folk var tydelegvis spente på det nye tilbodet. Då butikken opna stod ein glad dagleg leiar Geirmund Aga og delte ut gratis ananas til alle, og det vanka både blomar og lykkeønskingar tilbake frå bygdafolket. På ein måte er det gutedraumen som no går i oppfylling for Aga, som vonar han på denne måten kan vera med på å demma opp for handelslekkasjen sørover.

Lisbeth Hjortland fra REMA 1000 sitt regionskontor, som òg var til stades, var imponert av interessa for opninga, og fortalde til fitjarposten.no at slike køar er berre noko ein opplever i distriktet. Ho let vidare svært vel over butikken, og syntes heile opplegget rundt opninga var kjempeartig.

Ordførar Harald Rydland kom med blomar og gav uttrykk for at han synest det er flott at nokon vil satsa i bygda.

– Eg trur at det er plass til to store matbutikkar i her bygda. I Austevoll er det jo fire. Så vonar eg at dette kan vera med på å stoppa noko av handelslekkasjen og auka handelen i Fitjar. At det òg vert nye arbeidsplassar av det heile er heller ikkje å forakta, sa ordføraren til fitjarposten.no.