Ei av våre lesarar har spurt oss om me kan leggja ut 17. mai prologen. Klart me kan det. Det var i det heile svært hyggjeleg å få eit slikt oppdrag.

17. mai prolog
i Håkonarparken 2008

Det vårast i bygda. Det tonar ein song
Som vinn over mørketid, enno ein gong.
Kvar spire fortel med varme og lys
sin sigersappell imot frostnattens gys.

Slik braut det òg på då solverven rann
For Kvitekristtrua – og kvinne og mann
Fann rikare feste enn gamal tru
med grøss og gru.

No vart det slutt på å setja ut barn.
No vart ein fri frå blodhemnens garn.
Vikingars herjing og heidenske blot
tok slutt, med bot.

Så har det gått meir enn tusen år
Frå denne kristningstids første vår.
Arven frå Håkon den Gode er stor –
Når han gror.

Det var òg grunnlaget ”Grunnlovens menn”
Hadde i hugen då dei, om senn,
Noreg erklærte udeleleg, fritt.
Ditt og mitt.

Fridom og fred kom inn i vår leid.
For dette verdet var det me streid
når fiendehærar gong på gong
truga vår trong.

Grunnlaget bygde på menneskeverd.
Ordet fekk makt i staden for sverd.
”Folket skal styre” vart snart ein ny trong.
”Folkets song”.

Noreg fekk blomstra, falda seg ut.
Velstanden vann over fattigdoms-sut.
Vankunna veik for kunnskap og trygd
i  by og bygd.

Så heiser me flagga. I dag er det fest
For landet og bygda som ”hugar oss best”,
Med øyane fagre og fjellheimen vid,
med traust tradisjon ifrå steinaldertid,
Med nyskaping, tiltak på sjø og land –
alt ifrå breidband til blåsing med sand.

Om økonomien vår langt frå er god,
så er det ein oppgang i Fitjar, nett no.
Og om ikkje alt er sterkt eller flott,
så har me det godt.

For ser me mot aust eller lengre mot sør,
møter me dei med ei langt større bør.
Me treng`kje streva for livet for føda.
Me har`kje uår som øydelegg grøda,
Krig og gerilja og flyktningestraum.
For oss er slikt berre ein ”mareritt-draum”.

Så kanskje me meir enn å kjefta og smella
òg skulle takka, og sidan oss stella
slik at me saman kan jobba i lag.
Då får me snart alle, ein lysare dag.

Og lat oss stå vakt om vår arv og vår tru.
Gud gjeve oss tryggleik, slik at me kan bu
Og leva saman som frendar i lag
– all vår dag.

Håkon C. Hartvedt