Mange har spurt om me kan leggja ut prologen som Tiril Bukkholm Stegane framførte 17. mai. Det har me fått lov til av Tiril, og nedanfor kan du lesa den flotte og tankevekkjande prologen hennar.

17. mai

Folk i bunad som går i tog,

Glade ungar og vaksne og,

Is og brus og hornmusikk,

Vaiande flagg –  nasjonalromantikk?

Da e detta me har gledd oss te,

Å no ska me feira te solo går ne

 

Men koffor feira me dagen i dag,

Syng fedrelandssongar og gler oss i lag?

Da byrja på Eidsvoll i 1814,

Der samlast menn av den beste sorten,

Dei laga den fyste grunnlova vår,

Og ånda i den trur eg framleis rår

Eit steg frå harde, danske band,

På veg mot eit fritt og sjølvstendig land.

Men endo gjekk det mangen år

før Sverige og gav oss fridommen vår.

 

Så no må eg velja å bruka an godt,

Den verdfulle fridomen eg har fått,

Viss heile tilveret handlar om meg,

Så gidda ikkje eg å tenkja på deg.

Men kanskje du bur i eit anna land,

Å prøve å dyrka kodn i sand.

 

Ska me gå å møsa om matvareprisa,

Mens du leve midt i ei verkeleg krisa?

Me blir ikkje verva te barnesoldata,

Me blir ikkje lærd te å drepa og hata.

Me blir ikkje utsett for tortur,

og orda våre slepp sensur.

Da me syns e sjølvsagt at alle skal ha,

da gir dei livet for i Libya.

 

Noreg har fred og demokrati,

For nokon gjekk før oss og trakka opp sti.

Me unge må ikkje ta da forgitt

At me alltid ska ha da så godt og fritt.

Me må framleis kjempa,

Men utan sverd,

Kjempa for rettferd og likeverd.

 

Fridom te snakka,

Og fridom te tru,

E byggjesteina som danna ei bru,

Mudle adle verdas folkeslag,

Så me kan læra å leva i lag.

 

Tiril Bukkholm Stegane.