Arkivfoto

Her kjem heile 17.mai programmet for Fitjar. Med atterhald om endringar

Fitjar sentrum

Kl. 08.00 Flaggheising ved Rådhuset. Fitjar Skulekorps spelar.

Kl. 09.30 Samling ved Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Kl. 09.50 Appell ved elevar frå Rimbareid skule. Allsong: «Fagert er landet»

Kl. 10.00 Barnetoget går frå Fitjar kultur- og idrettsbygg til kyrkja, via helsekvarteret, Reman1000 og opp Stølsvegen. NB! Parkering forbydd ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fram til kl. 11.00.

Kl. 10.00 Kafé i Fitjartun (til 12.00)

Kl. 10.30 Kafé i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg (til 14.00)

- Annonse -

Kl. 11.00 Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje v/ sokneprest. Roald Drønen Osternes Mannskor og Skulekorpset deltek. Etter gudstenesta vert det kranse- nedlegging ved minnestøtta for dei som fall under krigen, v/ordførar Wenche Tislevoll. «Ja, vi elsker», Fitjar Skulekorps spelar.

Kl. 13.00 Samling i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Appell. Tale for dagen ved Bjørn Haaland. Song ved Osternes Mannskor. Bilete frå Fitjar (John Arvid Skumsnes). Opplesing ved Herman Inge Aadland. Idrettshallen for borna under talen.

Kl. 15.00 Andelaup i Fitjarelva.

Kl. 17.00 Fest i Fitjar bedehus

Kl. 18.00 Gratis kino FKIB. Pokemon , Detective Pikachu, gratis is og popkorn.

Arkivfoto

Rimbareid

Kl. 12.00 FAU v/ 6. klasse opnar kafé i gymsalen på Rimbareid skule.

Kl. 13.00 Leikar for born på skuleplassen.

Øvrebygda

Kl. 13.00 Sal av betasuppe, pølse i brød, kaffi og kaker i gymsalen.

Kl. 15.00 Program i gymsalen ved elevar

Kl. 15.30 Leikar for born og vaksne. Kiosksal. Avsluttast kl. 17.00.

Kl. 19.00 Fest i Øvrebygda bedehus.

Sælevik

Kl. 14.00 Opning, v/leiar i 17.mai-komiteen. Song og prolog ved elevar ved skulen.

Kl. 14.15 Kafeen opnar med sal av mellom anna rømmegraut og spekemat, leikar for små og store. Sal av lodd.

Kl. 16.15 Loddtrekking og utdeling av premiar.

Kl. 16.30 Bingo.

Hageberg

Kl. 15.30 Leikar for dei minste (til kl. 16.00)

Kl. 15.30 Ulike aktivitetar for små og store. Sal av kaffi og kaker, pølser, is, brus m.m.(til kl. 17.15)

Kl. 17.30 Fellessamling.

Osternes

Kl.15.30 17. mai-feiring med leikar for born