Fjellheim Friluftsbarnehage arrangerte torsdag 17. mai-dag i barnehagen. Dagen starta med å gå i tog, og "Fjellheim barnehage ut på tur, aldri sur" vart ropa høgt og tydleg.

Etter toget var det tid for leikar, pilkast på ballonger, hoppe i sekk, potetløp og ikkje minst svampekasting på pedagogisk leiar Turid Skumsnes.

Det er jo heller ingen 17. mai uten pølser og is, og det vanka flotte diplomar for godt utførte leikar til slutt.

Me i Fjellheim takkar for ein flott dag.

Modgunn Trovåg Vik
Pedagogisk leiar Fjellheim Friluftsbarnehage