Enkle temperaturmålingar synte at det var knapt 16 grader i vatnet i Breiavikjo i dag. I sjøen ved Grønavikjo målte me 14 grader. Det ser altså ut til å vera varmare i vatnet enn i sjøen for tida.

Det stemmer godt med målingane frå i går som VG presenterte i dag. Dei hadde målt 13, 5 grader i Fitjarøyane. Me vitja elles Breiavikjo både i går og i dag, og det er berre å seie at badeplassen vår er strålande vakker om dagen.

I går nytta Design og Tekstil frå Fitjar vgs og kl 10B frå Rimbareid skule ein del timar her. Dermed var det duka både for grilling, bading og volleyball.

Ein del andre var hadde òg teke seg tid til å nyta sola på den grøne bakken. Ei av dei var Marit Tislavoll med barnebarnet Amalie på 1 1/2 år. – Nydeleg fint, let det.