Rundt 1450 personar var innom dei ulike arrangementa under Bibelveka. Det er sokneprest Olav Oma svært nøgd med.

Det største talet refererer seg til alle skuleklassane som besøkte Bibelutstillinga. Mange vaksne med fekk med seg dei fantastiske bileta av Nelly Bube – der kvart einaste eit av dei er som ei bibelforteljing i seg sjølv.

– Men det var godt med frammøte på kyrkjelydsfesten og fleire av dei andre arrangementa òg, opplyser Oma til fitjarposten.no.