Søndag feira Fitjar folkebibliotek 150-årsjubileum heile dagen til ende.

Markeringa starta i Fitjar kyrkje, der biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen orienterte om den første tida for biblioteket. Etter gudstenesta lånte ho ut bøker i våpenhuset, slik dei gjorde i den gamle steinkyrkja i Fitjar for 150 år sidan.

Sjølve jubileet blei feira med brask og bram i hallen utanfor biblioteket i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Ordførar Wenche Tislevoll stod for opninga av jubileumsfeiringa, der rundt 40 leselystne hadde teke plass rundt borda. I helsingstalen sin la ho vekt på at ho er stolt over det velfungerande biblioteket vårt. Ho la fram tal som viser at biblioteket i Fitjar låner ut fleire bøker per innbyggjar enn naboane våre på Stord og Tysnes. Og i løpet av eit år har me om lag dobbelt så mange innbyggjarar på besøk på biblioteket vårt som Tysnes. I 2011 lånte Fitjar folkebibliotek ut rundt 14 500 bøker!

Arne Tislavoll kåserte om oppstarten til folkebiblioteket i Fitjar. Då Fitjar og Stord kommune skilde lag i 1860 var kommunane like store i folketal, men ganske fattige. På denne tida oppevde Noreg ei litterær oppblomstring, som aldri før. Dei fleste gutar og jenter kunne lesa, men det var nesten ikkje bøker i heimane, kanskje berre rundt 50 cm bokhylle med bl.a. bibel og huspostill. Biblioteket måtte finansierast ved å skattleggja bøndene, med den tids eigedomsskatt. Men dei var fattige, og det tok mange år å koma i gang, etter at presten Erik Olsen først tok opp spørsmålet om almuebibliotek i 1820. På sin levande måte, som berre Arne Tislavoll kan, gav han tilhøyrarane eit godt innblikk i opptakten. I 1862 blei det endeleg oppretta almueboksamlingar i Fitjar, Stord og Valestrand, med støtte frå Opplysningsvesenets fond.

Fylkesbibliotekssjef Ruth Ørnholt uttrykte stor optimisme på vegner av folkebiblioteka i framtida. Dei har utvikla seg i takt med tida, og 20-åringar i dag har eit sterkare forhold til biblioteket sitt enn dei hadde før, meinte ho. I fjor hadde over 50 % av innbyggjarane i Noreg vore innom biblioteket meir enn ein gong. Ho såg ikkje for seg at den fysiske boka vil forsvinna heilt, sjølv om tilbodet på biblioteket har endra seg. Framtidas bibliotek vil vera eit litteraturhus, i tillegg til eit rom for ymse arrangement, og ikkje minst ein kafé, meinte ho. Biblioteket vil vera ein guide i informasjonsjungelen, anbefala bøker, eit torg der du kan treffa folk utan å avtala på førehand, ein dynamisk og endringsvillig institusjon. – Eg kan ikkje sjå for meg at me ikkje har eit folkebibliotek om 150 år, sa fylkesbiblioteksjefen til slutt.

Musikkinnslaga kom ved Guro Rimmereid, som spela «Prelude» av Chopin, og Marie Oma som song «Miracle» av Maria Carey til eige akkompagnement på piano. Sigrid Fangel viste seg nok ein gong som ein god opplesar; det same gjorde Eli Simonsen. Sigrid las dikt om ugler, som illustrerer folkeopplysning og forståing. På menyen hennar stod bl.a. Martin Luther King, Odd Børretzen og Arild Nykvist. Eli Simonsen las dikt av bl.a. Olav H. Hauge, Tor Jonsson og Inger Hagerup.

Etter kvart kom det meir folk, for å vera med på familiequiz med Magnar Kloster, og eventyrstund med Rita H. Huse. Ein del ungar nytta høvet til å låna bøker, før det heile blei avslutta i 18-tida. Kultursjef Bente Bjelland og biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen seier seg godt nøgde med dagen. – Det er alltid plass til fleire på biblioteket, seier Silje til slutt. Men ho er svært godt nøgd med at det kom så mange kjekke folk!