Demensforeningen Stord/Fitjar får 150 000 kroner til aktivitetshage på Fitjar bu og behandlingsenter.

Dei 150 000 kronene er ein del av ein pott på 6,7 millionar kroner frå årets Exstra-midlar som er gjeve til dei frivillige organisasjonane i Hordaland.

Dei tilsette ved Fitjar Bu- og behandlingssenter har hatt årlege basarar til inntekt for sansehagen. No vil dei kunne gje eit endå betre tilbod til klientane sine.