Bading er gøy, men kan vera farleg. Foto: Redningsselskapet.

Redningsselskapet minner i ei pressemelding kor viktig det er å ta sine forholdsreglar på og ved sjø og vatn. I juni var det heile 15 som omkom i drukning her i landet.

Av dei 15 personane som drukna i juni, omkom sju etter fall frå land, seks under bading og to i samband med bruk av fritidsbåt. Redningsselskapets drukningsstatistikk viser at 45 personar drukna i første halvår i år. Det er åtte fleire enn på same tid i fjor.

– Forklaringa på det høge talet på drukningsulykker i juni er sannsynlegvis ein kombinasjon av varmt sommarvêr og gode badetemperaturar siste halvdel av månaden. I tillegg er vi fleire rundt sjø, elv og vatn no som dei fleste er heime i Noreg i sommar, seier Tanja Krangnes, leiar for fagområdet drukning i Redningsselskapet.

I juni i 2019 drukna 10 personer, medan det også i juni 2018 var 15 drukningsdødsfall. Heile sommeren 2018 baud på uvanleg fint vêr.

Av dei 15 som omkom i drukningsulykker i juni i år, var to kvinner og 13 menn. Av desse var det tre gutar på høvesvis seks, 14 og 18 år, som alle omkom i samband med bading. Ein ung mann og ei ung kvinne tidleg i 20-åra drukna også under bading i juni. Ein eldre mann omkom også under bading.

Mange badeulykker

Redningsselskapet har ikkje registret så mange ulykker i samband med bading i juni sidan organisasjonen overtok drukningsstatistikken i 2017.

– Vel aktivitetsnivå ut fra svømmeferdigheiter, vurder risiko på førehand og bad saman med andre. Godt badevett er rett og slett livsviktig, seier Krangnes, som oppfordrar foreldre til å passa ekstra godt på barna og til å ta ein «badevettprat» med tenåringane.

Drukningane skjedde i Vestland (3), Viken (2), Vestfold og Telemark (2), Rogaland (2), Møre og Romsdal (2), Troms og Finnmark (1), Nordland (1), Agder (1) og Oslo (1).

I snitt skjer rundt 40 prosent av alle drukningsulykker frå juni og ut august – med ein topp i juli. Dei vanlegaste ulykkestypane om sommaren er fall frå land (30 %), frå fritidsbåt (30 %) og under bading (25 %).

45 drukna første halvår

Per 30. juni har 40 menn og fem kvinner omkome av drukning. Det gir ei prosentvis fordeling på 89 % menn og 11 % kvinner. Av dei 45 har 24 personar drukna etter fall frå land/brygge, 11 frå fritidsbåt (inkl. ein frå kajakk), seks under bading, to etter fall gjennom is og to frå yrkesfartøy.

Denne redningsbøyen kan berga liv! Foto: Kjetil Rydland.