Trass i periodevis bra spel måtte handballjentene i 15-årsklassen tola eit nytt tap i heimekampen søndag.

Etter mange tap i serien var jentene på ingen måte favorittar mot gjestene frå Mathopen. Likevel hadde dei nok håpt på eit litt «snillare» resultat enn 12-30, etter 6-13 ved pause. Men ei dårleg opning øydela mykje. Det gjekk over sju minutt før dei fekk eit einaste mål, og då hadde Mathopen allereie scora fem. Det virka som om Fitjar-jentene hadde litt for lite tru på det, og var altfor lite bestemte på å skyta når det baud seg høve. Dei spede forsøka tok Mathopen-keeperen seg greitt av.

Men mot slutten av omgangen kom Fitjar-jentene i gang med mykje fint spel. I løpet av dei siste minuttane av omgangen fekk dei vist at dei absolutt har potensial. På kort tid reduserte dei frå 3-13 til 6-13, som var pauseresultatet. Den gode trenden heldt fram i byrjinga av andre omgang, og på stillinga 8-14 augna dei mest optimistiske av oss at her kunne det bli kamp likevel. Men nærmare kom ikkje Fitjar-jentene, og på slutten blei det veldig tungt. Det blei etter kvart mange mål i sekken, slik at sluttresultatet blei heile 12-30.

Trenar Ingvild Rimmereid var fornøgd med perioden midt i kampen, då dei gjorde det dei skulle, og spela jamt med motstandaren. Men på slutten gav dei nok litt opp, seier Ingvild, før ho hastar vidare til Bergen og damekamp. Og vonleg revansj mot nettopp Mathopen.

Laget til Fitjar (mål i parentes):
Soveig Fitjar (keeper)
Sandra Sawicka (keeper)
Helene Rimmereid (1)
Hanne Tveita (4)
Veronika Helland (2)
Jannicke Korsvik (3)
Amalie Nesbø (1)
Tiril Stegane
Marie Husøy (1)