Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Stord-Fitjar fekk i dag ei pengegåve på 15 000 kr frå ABB Stord.

Pengane kjem vel med i det laget skal på sosial tur til Bergen i november. Der skal dei mellom anna vitje «Vil-vite-senteret» og akvariet, ete middag ute på laurdagen og overnatte på hotell frå laurdag til søndag.

– Me hadde nok reist til Bergen sjølv om me ikkje hadde fått desse midlane, men desse pengane kjem sjølvsagt svært godt med, seier leiar for NFU Stord-Fitjar, Ronald Hareide.

Stord best på ABB-festivalen
Avdelingsleiar ved ABB Stord, Bjørg Tislevoll, fortel til fitjarposten.no at pengegavå heng saman med at Stord ble kåra til «beste lokasjon» under ABB-festivalen i Stokke i august, ei samling for alle ABB-tilsette i Noreg (meir enn 1200 deltakarar). Stordavdelinga utmerkte seg ved å få med mange tilsette og ikkje minst med høg innsats under sjølve dagen.

Premien på 15.000 kr var det føringar på. Den skulle gå til eit godt føremål.

Ved ei avstemming mellom dei tilsette hos ABB på Stord vart så NFU Stord-Fitjar valt ut, og i dag kunne Bjørg Tislevoll overrekkje pengegavå til NFU Stord-Fitjar utanfor ABB-bygget på Notahaugsbryggjo på Leirvik.

– Eg hadde ei søster som var utviklingshemma, så eg veit kor viktig arbeidet til NFU er, seier Tislevoll.

Ingressbilete: Bjørg Tislevoll og Hans-Kristian Kismul frå ABB på Stord overrekte sjekken på 15.000 kroner til Ronald Hareide og Anne Marie Larsen frå NFU Stord-Fitjar i haustsola på Notahaugsbryggjo tidlegare i dag. Foto: Peter Tubaas