Måneformørkinga i går kveld blei ikkje så flott i Fitjar som enkelte av oss hadde vona på førehand.

Gårsdagens måneformørking var grundig annonsert på førehand, og det blei «lova» ein vakker, raudfarga måne under formørkinga.

Endeleg er månen lett synleg i søraustleg retning frå Njoten i Rydlandsskogen. Foto: Kjetil Rydland.

Frå vårt utkikkspunkt på toppen av Njoten, det høgaste punktet i Rydlandsskogen, speida me lenge til fånyttes etter den formørka månen. Først då klokka nærma seg halv tolv, og den totale formørkinga nesten var over, steig den bleike månen ut av disen i søraust. Ikkje så mektig som me hadde førestilt oss.

Men etter kvart som måneformørkinga avtok, såg me klårt korleis månen kom ut av skuggen frå jorda. Og me fekk eit synleg prov på at jorda er rund!

For oss som blei litt vonbrotne over gårsdagens sjeldne hending på himmelkvelven, er det ei trøyst at eit nytt spanande fenomen nærmar seg. Laurdag 11. august, om føremiddagen, får me oppleva ei solformørking. Om ikkje skyer øydelegg opplevinga. Men ei like lang måneformørking må me venta lenge på:

- Annonse -

– Neste gong me kan oppleva ei så langvarig måneformørking, blir først om 105 år, skriv Sannes og Ødegaard på nettstaden astroevents.no. Det blir nok i lengste laget å venta for dei fleste av oss.


Her ser me godt bogen på skuggen frå jorda. Foto: Kjetil Rydland.


På slutten av måneformørkinga ser me Mars som ein liten prikk nede til høgre midt på biletet. For å få meir glede av dette må me ha sterkare verktøy! Foto: Kjetil Rydland.