Totale måneformørkingar kan vera svært vakre! Denne blei fotografert frå California 15. april 2014. Foto: Andrew tk tang/Wikipedia.

Måneformørking i morgon kveld!

I morgon kveld kan me oppleva eit sjeldant fenomen på himmelen, nemleg den lengste måneformørkinga på mange år.

 

Det er Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard som skriv dette i ei pressemelding. Saman står dei bak nettstaden http://www.astroevents.no/ der dei skriv om spanande fenomen på nattehimmelen.

Vakker, raud måne

I morgon kveld 27. juli og natt til 28. juli får me den lengste måneformørkinga på mange år, sjølve totaliteten vil vara heile 1 time og 43 minutt.

- Annonse -

– Neste gong kan oppleva ei så langvarig formørking blir først om 105 år, skriv Sannes og Ødegaard. .

Formørkinga i morgon kveld vil bli eit spesielt imponerande syn både på grunn av varigheita og fordi Månen står lågt over horisonten. Det er nemleg slik at me opplever objekt som står lågt på himmelen som større og meir imponerande enn dei verkeleg er.

Månen blir som oftast vakker raud under totale formørkingar, og sett mot nattehimmelens sommarglød blir dette truleg litt av et skue! meiner parhestane Sannes og Ødegaard.

Det absolutte høgdepunktet inntreffer når den raude planeten Mars mot slutten av den totale måneformørkinga dukkar opp like under den formørka måneskiva. Denne natta er Mars nærmare oss enn planeten har vore på 15 år, og lysstyrken er derfor spesielt stor. Me vil få oppleva noko så eksklusivt som ein raud måne som står rett over Den raude planeten!

  

Rekordformørkinga sett frå Noreg

Størstedelen av den uvanleg langvarige totaliteten (frå 21.30–23.13) vil vera synleg fra nesten heile landet. Månen står opp i søraust etter at  formørkinga har begynt, og tidspunktet Månen kjem opp, bestemmer kor stor del av fenomenet som blir synleg. I Oslo og Kristiansand kjem Månen opp klokka 21.49 og i Bergen klokka 22.14.

Den siste delvise fasen slutter klokka 00.19, og formørkinga vil vera heilt over kl. 01.28 natt til 28. august. I store delar av landet vil mesteparten av totalfasen vera synleg, og delar av totaliteten vil vera råd å sjå nord til grensa mellom Nordland og Troms, men også aust i Finnmark. Formørkinga blir ikkje synleg fra Svalbard.

Sidan Månen står lågt i søraustleg retning under formørkinga, er det viktig å ha fri sikt for å kunna oppleva fenomenet, utan hindringar som åsar, vegetasjon og bygningar.

 

Korleis best få med seg fenomenet?

Alle fasane av formørkinga blir flotte å sjå på utan hjelpemiddel, men Ødegaard og Sannes minner om at ein kikkert vil gjera det mogleg å følgja fenomenet i større detalj. Me kan sjå korleis landskapstrekka på Månen kjem til syne igjen etter å ha vore formørka. 

Opplevinga blir enda flottare dersom ein er på ein mørk stad utan kunstig lys. Fordi jordskuggen er boga, vil ein under den delvise fasen få ein sjeldan sjanse til å sjå at Jorda er rund. 

Fleire detaljar, informasjon, bilete og illustrasjonar kan me finna på astroevents.no

  


Mot slutten av totaliteten kjem også Mars opp, og på dette tidspunktet vil Mars vera uvanleg nær Jorda og derfor vera svært lyssterk. Illustrasjon: Sannes & Ødegaard

 


Skjematisk framstilling av måneformørking. Den oppstår når Månen går inn i skuggen frå Jorda. Illustrasjon: Wikipedia / Sannes & Ødegaard.

 


Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard. Foto: Privat.