Målfrid Revne Sandvik og ektemannen Emmanuel Aoudi Chance inviterer til Færøysundbasar førstkomande laurdag. Foto: Kjetil Rydland. 

Færøysundsbasaren nærmar seg

Førstkomande laurdag går den sjuande Færøysundsbasaren av stabelen, og basarkomiteen vonar folk strøymer til frå fjern og nær til den idylliske gjestgjevarstaden heilt nord i Fitjar.

Komiteen ser ut til å ha det meste klart før den sjuande Færøysundsbasaren, som blir avvikla laurdag 28. juli. Det ser ut til at dei er i ferd med å etablera ein god tradisjon med basar siste laurdagen i juli, i høveleg avstand i tid til den litt meir kjende Hatlevikbasaren i Fitjarøyane.

Harald Johan Sandvik i ferd med å hengja opp den siste plakaten til den komande Færøysundsbasaren. Foto: Kjetil Rydland. 

Støtte til jordbruksprosjekt i Kamerun

Som dei tidlegare åra – sidan oppstarten i 2012 – blir det samla inn pengar til Emmanuel Aoudi Chance sitt landbruksprosjekt i heimbyen Mbé i Kamerun. Chance er svogeren til Harald Johan, og bur i Bergen, saman med kona si, Målfrid Revne Sandvik. Ho har vore misjonær i Kamerun, i ein solid tradisjon, etter som grandonkelen hennar var den første norske misjonæren i Kamerun.

- Annonse -

Prosjektet som får støtte av Færøysundsbasaren har namnet Société Agricole Mbé (SAM). I toppåret 2015 var det over 200 personar til stades på basaren, og det blei samla inn rett over 104 000 kroner. Men resultatet frå i fjor òg lèt seg høyra, 78 000 kroner var bra når me tenkje på det tunge regnet som velsigna fjorårets basar. Rundt 125 personar la likevel frå seg ein solid pengesum til det viktige prosjektet på heimstaden til Chance.

Basaren i år vil få eitt nytt innslag, etter som fleire i komiteen har vore i Kamerun for å følgja opp prosjektet. Publikum vil få sjå bilete og høyra ferske nyhende frå Mbé I Kamerund, der støtta frå Færøysundbasaren blir nytta. Saman med lokalkjende Målfrid Sandvik og ektemannen Chance reiste Johannes Nesse og Eirik Myhre til Mbé i Kamerun i vinter for å hjelpa dei lokale bøndene vidare. Det blei gjort ein stor jobb med å setja traktorane i stand, og dei kjøpte inn ny plog og skålharv for pengane frå Færøysundbasaren.

Den norske delegasjonen nytta høvet til å gi dei lokale bøndene i Mbé opplæring i vedlikehald av det dyre utstyret. Chance, som kjenner dei lokale forholda best, reknar med at jordbruket med det nye utstyret vil bli berekraftig etter kvart. Men ting tar tid, og førebels treng dei hjelp frå Færøysundsbasaren.

Lykkehjul – ein ny attraksjon!

Nytt av året er eit flunkande nytt lykkehjul som Harald Johan har laga av ei skive frå stamma til ei stor gran. Far hans, Johannes Sandvik, tok heim ei gran som han brukte til juletre rundt 1960. Men grana var for fin til å kutta av, så ho blei teken inn i stova med røtene på. Der stod ho i ein kasse med jord til jula var over, og då blei ho planta ut ved sida av gamlahuset i Færøysund. Ho blei ikkje felt før for to-tre år sidan.

Lykkehjulet er ein konstruksjon som ganske sikkert ingen av oss andre har sett maken til før premieren under Færøyfestivalen. I tillegg til den store treskiva er det sett saman av ein pallegaffel til traktor, galvanisert rekkverk, ein halv Opel-felg, franske skruar og ei pil. Heilt sikkert eit syn for minneboka!

Elles går førebuingane som dei skal for basarkomiteen på ti personar, som har delt ansvaret seg imellom. Gevinstar kjem stadig inn, plakatane har kome opp, og nye telt er på veg. Som kjent blei fjorårets basar noko våt, og dei ville sikra sg litt meir ly for regnet om det skulle slå til i år og. Våt av skade i fjor tok Harald Johan kontakt med Jysk, som kunne skaffa to nye, høvelege telt. Vidare har han drenert heile tunet, og lagt singel der gjestene i fjor måtte vassa i gjørme. Og komiteen lovar at dei skal ha plass til minst 200 gjester, som dei hadde i toppåret 2015.

Variert program

Under tidlegare basarar har Chance og broren Amadou demonstrert dans frå Kamerun. I år vil dei la ungane laga afrikanske rytmar på trommer og andre rytmeinstrument.

Maten blir den same som tidlegare år, men dei har gardert seg mot grillforbod. I så fall vil dei tilby steiketakker, så folk kan trygt ta med grillmat.
– Ingen skal svelta, lovar Harald Johan, som minner om at dei vil servera kaffi og bollar.

Som vanleg blir det åresal og trekning av vinstar på bok. Det blir gardsbutikk med sal av poteter, bær, flatbrød, lefser og nordlandskaker. Derimot blir det ikkje like stor auksjon som før, for den har ikkje slege heilt an. Men nokre tregjenstandar laga av emne frå Kamerun, vil bli auksjonerte bort.

Spanande plass med rik tradisjon

Harald Johan eig den gamle gjestgjevarstaden Færøysund, og kan lokka med ein spesiell og idyllisk åstad for basar. Det har budd folk på staden i nesten 400 år, og det er over 100 år sidan familien hans overtok den gamle gjestgjevarstaden.

Han har erfaring for at folk synest det er kjekt å møtast ved bardomsheimen hans. Han reknar med at det også i år vil strøyma til folk frå Stord, Bømlo og Bergens-området. Tidlegare har det vore ei lett blanding av fitjarfolk og tilreisande frå nabokommunane våre, og han ser ingen grunn til at det ikkje skal bli slik i år òg.

Og tidspunktet, midt på sommaren, synest å høva godt, meiner grunneigaren, vonar regnet ventar til basaren er ferdig laurdag kveld.

Støttespelar Johannes Nesse tel årringar på den 50-60 år gamle julegrana som blir brukt til ei nyskaping under årets basar, eit lykkehjul som er samansett av eit skive frå denne grana, ein pallegaffel, ymse unbrako- og franske skruar og ei pil. Foto: Kjetil Rydland.