Som biletet syner, er dette ein liten St. Petersfisk, ein art som kan bli 90 cm lang. Foto: Roald M. Nilsen. 

St. Petersfisk på Hattolableikjo

Vår mann i Fitjarøyane gjorde store augo då han drog garnet sitt på Hattolableikjo i dag, for opp av sjøen kom ein liten St. Petersfisk.

 

Han visste ikkje heilt kva han skulle tru, Roald Magne Nilsen, då han var ute og fiska teinemat på Hattolableikjo i dag. I lag med ein lyr og eit par torskar kom det opp av sjøen ein liten fisk som Roald ikkje hadde sett før.

Etter ein liten sjekk på Internett var Roald sikker på at dette er ein St. Petersfisk. Det karakteristiske for denne fisken er ein stor, mørk flekk midt på, som etter gamal tru skal vera fingermerka til St. Peter.

Dette er ein marin art som helst er å finna i tropiske og subtropiske område. St. Petersfisk er vanleg i Middelhavet og i varmare delar av Nord-Atlanteren, kan me lesa på Store norske leksikon. Dei seinare åra har han blitt meir og meir vanleg i våre farvatn, opp til Trøndelagskysten. Det har blitt fanga individ heilt opp til Tromsø. 

- Annonse -

St. Petersfisk kan bli 90 cm lang og 8 kg. Det skal vera ein velsmakande fisk, sjølv om ikkje dagens fangst på Hattolableikjo freista så mykje.