Fitjar er sterkt representert i Dana Cup, og supporterane held flagga høgt heva og smiler trass i tap i dag. Foto: Privat.

Dana Cup: Fitjar-laga opna med tap

Både gutane og jentene frå Fitjar spela dei første kampane sine i Dana Cup i dag, og begge laga tapte opningskampane sine.

Fitjar Idrettslag er representert ved eitt lag i klassen Jenter 15 og eitt i Gutar 14 under årets Dana Cup. Den tradisjonsrike cupen med sentrum i Hjørring i Danmark har i år over 1100 lag med, og har blitt ein av dei store fotballcupane etter oppstarten i 1982.


Arild Træet gir sine instruksjonar i pausen i kampen mot La Academia FC frå Guatemala. 

 

Både jentene og gutane frå Fitjar har sine første kampar i Hirtshals i dag. Først ute var gutane, som møtte eit svært sterkt lag frå Guatemala, La Academia FC. Heile 0-7 måtte gutane pakka i bagen før dei kunne venda blikket mot jentekampen. Her møtte Fitjar-laget Richmond Park FC frå England. Frå denne kampen har me fått eit utførleg referat frå ein av foreldra som stod ringside:

- Annonse -

«Fitjar kom bra i gang første fem minutta, og hadde to-tre ganske gode målsjansar. Neste ti minutta pressa motstandarane ein del. Siste ti minutta var det igjen eit solid Fitjar-overtak, men utan at det vart noko mål.

Det kom to kjappe mål midt i omgangen til Richmond Park FC, mot spelet sin gang. Sju min før full tid vart Julie Midtsæter felt innanfor 16-meteren, og Fitjar fekk straffe, som Tori Vestbøstad sette sikkert i mål. Det vart ikkje fleire mål, og med det ebba kampen ut. Eit ikkje heilt rettferdig resultat etter antal sjansar (men heilt rettferdig etter antal mål)».

Frå fleire andre i støtteapparatet til jentelaget får me opplyst at 1-2-tapet var urettferdig. Me torer minna om den gamle sanninga at mål påverkar resultat av fotballkampar.

Me vonar å kunna følgja opp med fleire referat frå Fitjar-laga sitt opphald i Danmark. For dei som er opptekne av resultat, vil me visa til denne linken: http://tournament.danacup.dk/search.aspx . Søk på B14 – gutar 14 – og G15 – jenter 15 – for å sjå kamptidspunkt og resultat for laga frå Fitjar.

SISTE: Også kveldens kampar enda med tap for Fitjar. Gutane tapte 1-5 mot Sandnes Ulf, medan jentene tapte 0-1 i sin kamp mot Staal Jørpeland. No vonar Fitjar-leireN på enklare motstand i onsdagens kampar.


Fitjar-gutane vender blikket mot jentene og kampen mot Richmond Park FC. Foto: Privat. 


Fitjar J15 klar for kamp mot Richmond Park frå England. Foto: Privat. 


Kjekke gutar på veg til kamp i Danmark. Foto: Privat. 


La Academia FC frå Guatemala viste seg som eit sterkt lag. Foto: Privat. 


Desse karane ser ikkje ut til å engasjera seg så sterkt i korleis det gjekk med dei som kjempa om heider og ære ute på banen. Foto: Privat.