Grytidleg måndag morgon låg bakkane på Årbø nyslegne og klare til innhausting. Foto: Kjetil Rydland. 

Håslåtten i full gang

Bøndene i Fitjar er i full gang med andreslåtten; først ute er, etter det me kan sjå, Gaute Aarbø i Ovbygdo.

 

Han fortel til Fitjarposten at siste veka i juli er ganske vanleg start på andreslåtten, men i år er han kanskje litt tidlegare enn gjennomsnittet.

Dei siste dagane har han vore ute med slåmaskinen og lagt flatt mesteparetn av bakkane på Aarbø, og no går det slag i slag. Han kan ikkje seia sikkert kor mykje gras det er – det ser dei først dei som kjem etter og samlar inn graset med finsnittaren.

Gaute har sendt fleire av sine medsamansvorne i samdrifta på ferie til Danmark, men meiner han har meir enn godt nok mannskap til å få graset i siloen.

- Annonse -

I Nedbygdo seier Lars Ove Rimmereid at han reknar med å koma i gang med håslåtten i løpet av denne veka. Han vonar at det vesle regnet i helga og kanskje i morgon vil gi graset ei lita vitamininnsprøyting, før han går laus med dei skarpe knivane.