Marita Nysæther med Ivar Hovland og Asle Dahl frå Vest Lydservice. Foto: Kjetil Rydland. 

Riggar for konsert med Ausekarane

Fredag kveld er det hektisk akitivitet på Port Steingard i Kråko, der dei førebur seg til morgondagens konsert med Ausekarane.

 

Stemninga er full av forventning på Port Steingard, og alle detaljar er i ferd med å falla på plass føre den store konserten i morgon. Til skrik frå ein og annan sjøfugl og vakre jazztonar frå Turid Tislevoll inne i PS Bryggekafé gjekk førebuingane med liv og lyst fredag kveld.

 


Jorunn Hernes og Marita Nysæther er klare til å ta imot mykje folk i morgon kveld. Foto: Kjetil Rydland. 

- Annonse -

 

Dei har sett opp gjerde og billettbu, og utanfor bryggeriet er det kome opp bar til konserten i morgon. Og utpå kvelden kom Asle Dahl og Ivar Hovland med den mobile scenen. På Port Steingard venta tre store, sterke menn som var meir enn klare til å hjelpa med å rigga scene. Etter vel ein times hektisk aktivitet var scenen på plassen ved kanalen meir eller mindre klar. 

Asle Dahl i Stord Lydservice fortel at han ventar med å hengja opp lyd og lys til i morgon. Sjølve grovrigginga er på det nærmaste ferdig. Men så hadde han riggarar av beste slag med seg. Han meiner at Kristoffer Dalen, Nils Ingmar Dalen og Ole Johan Waage er dei beste riggarane som går an å få tak i. Og sistnemnde er heilt eing:

– Ja, det visste me på førehand! seier Ole Johan Waage med ettertrykk.

Jorunn Hernes og Johannes Sandvik kan sjå fram til morgondagen i trygg visse om at alt er klart. Dette er det klart største enkeltarrangementet Kråko Utvikling har hatt på Port Steingard. Då billettsalet på internett blei stengt i kveld, hadde dei selt 509 billettar. Men dei reknar med å selja fleire i morgon, og det er god plass på Port Steingard.

– Me sel naturlegvis billettar ved innganen, seier Jorunn Hernes. 

 


Kristofffer Dalen, Nils Ingmar Dalen og Ole Johan Waage er gode folk til rigging. Foto: Kjetil Rydland.

 


Kristoffer Dalen konsentrerer seg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her drar dei ut golvplata. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og me kan avsløra at det er Marita Nysæther som har skrive plakatane. Foto: Kjetil Rydland.