Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland.

Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil

Sist helg køyrde Oliver André Matre heilt frå Fitjar til Gol for å få tak i ny VW «boble» til landsfinalen i bilcross.

 

Når landsfinalen i bilcross går av stabelen i Verdal 18. august, er det berre to Fitjar-førarar på startstreken, Ailin Vik i junior og Oliver A. Matre i senior.

Denne gongen har ikkje Oliver tenkt å hamna bak i køen på grunn av mindre motorkraft enn dei beste. Derfor var han fast bestemt på å skaffa seg «boble» med litt større motor; to liter er for lite. Men då nyttar det ikkje å vera «redd for umaken», og det er ikkje Oliver.

Førre helg gjekk Goldagsløpet av stabelen på Fuglehaugen Motorbane på Gol. Dette er eit av dei største bilcrossløpa i landet i løpet av sesongen, og sjansen for å komma over ein god løpsbil er stor.

- Annonse -

Derfor hekta Oliver hengaren bakpå og køyrde med tom hengar heile den lange vegen til Gol, rundt 350 kilometer! Han hadde ingen planar om å delta i løpet; han ville berre leggja inn bud på ein bil han hadde tru på. Og han lukkast! Etter løpet fekk han tilslaget på ei «boble» med 2,4 liters motor, som han reknar med skal bli klar til Landsfinalen om ein månad. Med litt retting og maling, og personleg utstyr på plass, skal bilen vera klar til innsats i Verdal, meiner Oliver.

Ingen bilcrossførarar frå Fitjar var med på Goldagsløpet denne gongen, men Håvard Helland deltok i rallycross for første gong på 18 år. Og han beit godt frå seg i Volvo-en sin. Svært god køyring i innleiinga gav fleire heatsigrar, og B-finale på søndagen. Tredjplass her gav ein flott 8.-plass totalt. 

Det kunne nok ha gått endå betre, men motoren var ikkje justert for «høgfjellsbanen» på Gol. I høgda er lufta tynnare enn nede hos oss, og dermed får motoren for «feit blanding». Men han ville ikkje justera forgassaren for den tynne lufta, for då ville han fått for mykje luft på låglandsbane. Nestor Ole Vidar Helland i Fitjar Racing Team understrekar at det er små detaljar me snakkar om. Motoren gjekk bra, men ikkje heilt optimalt.

No er det altså landsfinalen i bilcross som gjeld for Racingteamet. Førebuingane til Ailin og Oliver går sin gang, og denne gongen skal dei oppover på resultatlistene!