Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland. 

Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg

I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor Jan Overweg, den siste i ei rekkje på tre.

 

Kantor Jan Overweg held fram med lunsjkonsertane i Fitjar kyrkje, heiter det i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Komande laurdag, 21. juli, er det klart for den tredje og siste lunsjkonserten i kyrkja i sommar.

Den raude tråden i programmet denne laurdagen blir «variasjon», skriv kantoren, og minner om at det er gratis inngang.

- Annonse -