Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland.

Til topps i NM for islandshest

Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå Fitjar heilt til topps under NM for islandshest i Grimstad sist helg.

 

Meisterskapet gjekk av stabelen på Frivoll Travbane i Grimstad 12.–15. juli. Heile 136 ekvipasjar var påmelde i ymse disiplinar i dei tre aldersklassane junior (13-15 år), ungryttar (16-21 år) og senior (21 + år). 


Carolin Storebø og hingsten Arnviður i aksjon under NM i Grimstad. Foto: Anny Husebø.

- Annonse -

Blant desse ekvipasjane stilte Carolin Storebø frå Vik i Fitjar med den spreke hingsten Arnviður frà Hveragerði. Den elleve år gamle hesten er favoritthesten til Carolin, som fortel at ho var einaste ryttar frå Stordøya, Den nærmaste «naboen» i meisterskapet var ein hest frå Haugesund. 

 

God jobb i Nordsjøen gir økonomi og fritid til satsing på islandshest

Den unge norgesmeisteren kjem opphavleg frå Kolbeinsvik i Austevoll, men har budd på den vesle garden i Vik dei siste åra. Her har familien heile ti islandshestar, av desse er seks konkurransehestar. Dei andre er avlshopper og unghestar. Carolin fortel at ho kjøpte sin første konkurransehest i 2008. 

Ho trenar heile tida medan ho er heime frå jobben i Nordsjøen, fortel ho. Carolin er prosessteknikar i Conoco Phillips, og arbeider offshore to veker på og fire veker av. Såleis har ho god tid til å trena, og det er viktig med ein godt betalt jobb, for det er dyrt å ha hest!

Hingsten hennar Arnviður  – eller «Arne Vidar» – er ein svært dyr hest som kom frå Island for fire år sidan. Det har kosta både blod sveitte og tårer å få den spreke hesten roleg åog stabil, men det har vore verdt det, meiner den blide norgesmeisteren. 

– Det har vore ei rein glede, og han er eit skikkeleg kosedyr, seier Carolin. 

For ein uvant journalist som føretrekkjer kyr og sauer, ser det ikkje slik ut. Han verkar veldig brå, men det kan ha samanhaneg med at stallen har besøk av ein hingst som skal para seg med ei av hoppene. Kanskje han er sjalu?

Med sine elleve år er Arnviður i sin beste alder, etter det me forstår på Carolin. Han kan prestera på toppnivå i mange år framover dersom han held seg frisk og skadefri. Men tilbake til Island kjem han ikkje. Det er nemleg ikkje lov å importera hestar til Island på grunn av smittefare. 

 

Norgesmeisteren har vinnarambisjonar i nordisk!

Det var i øvinga øvinga stilpass ekvipasjen frå Fitjar gjekk heilt til topps. I denne disiplinen blir du vurdert på måten du legg hesten i pass, passkvalitet og nedtaking. I tillegg tel tida, det skal gjerast så fort som råd. 

Norgesmeisteren frå Fitjar oppnådde også ein andreplass i 250 meter pass og ein tredjeplass i speedpass. Begge desse øvingane blei vunne av Veronica Høgsveen Våland. 

Dette er første gongen Carolin Storebø går heilt til topps i seniorklassen, men i 2013 blei ho tredobbel norsk meister i klassen ungryttar (16-21 år).  Det året kvalifiserte ho seg til VM, men der måtte ho nøya seg med ein sjette- og ein sjuandeplass etter å ha blitt skadd. 

Med dei sterke prestasjonane i Grimstad blei Carolin teken ut til å representera Noreg under nordisk meisterskap for islandshest 2018. Det går av stabelen i Margaretahof i Kristianstad i Sør-Sverige  7.-12. august.

Carolin seier ho blir fornøgd uansett, men målet er heilt klart: Ho reknar seg som favoritt, og målet er å vinna!