Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen. 

Pengar til verna kulturminne

Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har blitt imøtekomne.

 

Etter den nye ordninga for tilskot sender eigar av kulturminne søknad til kommunen, som sender søknaden vidare til Hordaland fylkeskommune, som løyver pengane. I desse dagar går det ut gladmeldingar til fleire eigarar av kulturminne i Fitjar kommune.

Erstattar SEFRAK

Det er kommunane ved kulturkontoret som fordeler pengane, fortel Bente Bjelland. Denne gongen kan ho gle seg over at Fitjar var den kommunen i Hordaland som fekk mest pengar, nest etter Voss.I
kulturminneplanen som Fitjar kommune fekk vedteken i 2015, er alle objekta verdsette etter ein skala frå A til D. Kategori A tyder at objektet har svært høg verneverdi, medan B tyder høg verneverdi. Det er desse to vernekategoriane som gir størst sjanse til å få filskot.

- Annonse -

Bente Bjelland forklarer at kulturminneplanen i denne samanhengen erstattar SEFRAK-registeret. Ho understrekar at det ikkje inneber noka ulempe å bli registrert i kulturminneplanen. Desse objekta ville uansett blitt verna etter Plan- og bygningsloven. Det er tvert imot ein fordel å bli høgt klassifisert dersom ein ønskjer midlar til restaurering.

Gode prosjekt i Fitjar får støtte

I alt fekk Fitjar kommune inn seks søknader i denne runden, og fem av søknadene blei stetta. Til saman får dei 277 000 kroner i tilskot; det største beløpet går til restaurering av Rydlandssago. Dei andre som får tilskot i denne omgangen, er Ingebrigt Kleppe i Engesund, Lars Olav Tveita, Harald Johan Sandvik i Færøysund og Oddvar Bergesen i Bakkjen.

Kultursjefen synest det er ekstra spanande at sagbruksverksemda til Rydlandssago står i ein ubroten med tradisjon. Heilt sidan den første saga blei bygt ved Dåfjorden på 1600-talet, har det vore drive tømmerhogst og sagbruk på Rydland.

Rullerer kulturminneplanen i 2019

Kulturminneplanen skal rullerast i 2019, og Bente Bjelland reknar med å begynna så smått i haust. Ho vonar folk er like positive til dette viktige arbeidet som dei var i første runde. Nytt til neste år blir oppretting av omsynssoner. Dette er soner rundt kulturminne som har stor lokal og regional verdi.

Eit døme på ei slik omsynssone er Færøysund, som ho allereie har avtala med grunneigar Harald Johan Sandvik. Ho understrekar at slike omsynssoner blir oppretta i samarbeid med grunneigarane, og at den statusen kan generera meir midlar frå kulturminnefondet og tilsvarande tilskotsordningar. Dei har høgare status enn A- og B-status etter den gjeldande kulturminneplanen.

Kultursjefen minner om at kulturminneplanen frå 2015 har teke over for SEFRAK, og understrekar at folk ikkje treng vera redde for å få registrert kulturminne.

– Det inneber berre fordelar! seier ho.

 

 


Nils K. Rydland og forfedrane hans har drive med tømmerhogst og sagbruk samanhengande i 400 år. Her er han i gang med å reparera stebmo ovanfor Rydlandssago. Foto: Privat.