Illustrasjonsfoto: Pink Fish. 

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda, og er ledd i ein ekspansiv vekststrategi. 

 

Dette går fram av ei pressemelding frå selskapet Salmon Company AS i dag. Pink Fish er eit nytt norsk restaurantkonsept med norsk laks i hovudrolla og Bocuse d’Or-vinnar Geir Skeie, Ronny Gjøse og Svein Sandvik i spissen. I løpet av dei neste par månadene vil Pink Fish også dukke opp på Oslo City og Storo, med fleire lokasjonar i pipeline.

 


Geir Skeie gler seg til å opna Pink Fish-restaurant på Galleriet i Bergen i morgon. Foto: Pink Fish. 

- Annonse -

– Vi gler oss til å endeleg komme til Bergen, seier gründer og administrerande direktør Ronny Gjøse. Pink Fish har blitt veldig godt mottatt i Oslo, og det blir utruleg gøy å teste konseptet også i Bergen. Vi er sikre på at bergensarane, med sitt varme forhold til god fisk vil elske Pink Fish.

– Da blir kjekt å komma på rett sida av fjellet, tilbake til opphavet for både meg og laksen i laksehovudstaden Bergen, legg Geir Skeie til.

PINK FISH er det nye sjømatkonseptet til Geir Skeie, og er utvikla for å gjere sjømat enklare tilgjengeleg, særleg for unge kundegrupper. Han gler seg stort til å opna på Galleriet midt i hjartet av Bergen, og trur Pink Fish vil passe perfekt i det unge urbane miljøet. 

– Vi snakkar med mange mulige samarbeidspartnarar i Asia, og ser med glede på den positive mottakinga konseptet får i både inn- og utland, seier Gjøse. Det viser at vi har treft tidsånda akkurat så godt som vi hadde håpt. 

Pink Fish er eit innovativt nytt fast casual restaurantkonsept med norsk laks i hovudrolla. Menyen er utvikla for folk på farten, eller dei som ønsker seg ein liten pause i kvardagen. Hos Pink Fish kan du nyte smakfull sjømat, servert raskt til ein fornuftig pris.

– For oss er god smak det aller viktigaste, seier gründer og Bocuse d’Or-vinnar Geir Skeie, som sjølv er ansvarleg for alle oppskrifter og produkt som blir tatt inn i konseptet. Vi deler gledeleg oppskriftene våre, slik at folk sjølv kan sjå kor enkelt det er, legg han til.

– I tillegg til deilige smakar er berekraft, sporbarheit og openheit kjerneverdier i konseptet. Hos PINK FISH er all emballasje miljøvennleg og komposterbar, plast er ikkje i bruk. Bestikk og sugerøyr er laga av 100 % naturleg stivelse, og emballasjen i materiale fra sukkerrøyr. Norsk oppdrettslaks er også ei av dei mest berekraftige proteinkjelder som finst, understrekar Geir Skeie.

 


Her opnar Pink Fish ny restaurant i Bergen i morgon. Foto: Pink Fish.