Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland.

Stolt skipper på stolt skute!

Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i landet. MS «Gamle Nyborg» er ei svært stolt skute med ei spanande historie frå ho blei bygd i England i 1924, var med på landgangen i Normandie i 1944, før ho kom til Noreg i 1948, og til Dåfjorden for eit par veker sidan. 

 

Den unge, stolte reiaren er busett i Øvre Fiskaneset rett ovanfor «Verven» i Dåfjoden, men har reist på dei sju hav størsteparten av sitt vaksne liv. Han har reist utanriks som maskinist og chief i mange år, og dei tre siste åra har han hatt jobb i Haugesund som inspektør på LNG-tankarar i Knutsen OAS Shipping i Haugesund.

 


Asgeir Andersen har ferie, men han har heile verda som arbeidsplass, og innimellom må han organisera flytting av utstyr mellom Singapore, Korea og Japan. Foto: Kjetil Rydland.  

- Annonse -

 

Maskinsjef før han var 30 år!

Etter å ha gått på maskinistskulen på Bergen Maritime reiste Asgeir ut som lærling 17 år gammal. I Kristian Gerhard Jebsens Skipsrederi  gjekk han gradene som første- andre- og tredjemaskinist, før han til slutt blei maskinsjef. 

Han sette seg tidleg mål å bli chief før han fylte 30 år, og det greidde han med eitt års margin. Han reiste på ulike slags båtar og opparbeidde seg ei allsidig erfaring, noko han meiner var ein stor styrke. Ikkje alle han reiste med var like flinke, og Asgeir bestemte seg tidleg: – Dette kan eg gjera betre!

Men ikkje så lenge etter at han var blitt maskinsjef, blei han sagt opp i reiarlaget sitt, som ein av dei siste nordmennene som reiste ute med Kristian Gerhard Jebsens Skipsrederi. 

 

Likar å reisa og få ting til å skje

Etter ein kort karriere for oljeselskapet Shell fekk Asgeir seg jobb som inspektør for LNG-tankarar i Knutsen OAS Shipping. Der har han vore dei siste tre åra, med kontor i Haugesund, men han reiser over heile verda. 

– Eg likar å reisa, seier Asgeir, og legg til at det er mykje kjekkare enn å vera på kontoret. Når eg er ute, får eg gjort det eg er bygd for!

Jobben hans ute i verda er blant anna dokking av båtar, og å få ting til å skje. Han minner om at reiarlaget lever av å frakta last frå A til B, ikkje av å flytta papir rundt omkring på kontoret. Det er eit viktig fokus å ha, meiner han.

Sjølv om Asgeir reiser over heile verda, er han ein heimekjær mann, som har busett seg i Øvre Fiskaneset, med utsikt ned til «Verven». Her er han godt etablert med kone og ungar. Som etterkommar etter grunnleggjar Albert Andersen var det ein gong på tale at Asgeir kunne vera med og driva  det 100 år gamle skipsverftet, som i dag ber namnet Dåfjorden Slipp.

Men det høvde ikkje heilt for Asgeir: – Eg hadde altfor sterk lyst til å reisa ut! seier han og smiler.

 

Skute med stolte tradisjonar var med på D-dagen i Normandie!

Den flotte frakteskuta hans heiter «Gamle Nyborg» og fekk namneskiltet på plass så seint som i går. Det er Asgeir som har gitt båten namnet, då han kjøpte i fjor haust, heitte den «Vågsfjell». 

Båten blei bygd i England i 1924, som ein dampdriven  frakte- og fiskebåt, med namnet «A. Rose». Under krigen var båten både minesveipar og forsyningsskip, og bar namna «HMS A. Rose» og «HMS Adolphi». Under D-dagen i Normandie var båten med som forsyningsskip.

Det stolte skipet blei kjøpt til Noreg og Karmøy i 1948. Då fekk det namnet «Nyborg», så det var naturleg for Asgeir å ta tilbake dette namnet då han kjøpte båten. I 1950 blei dampmaskinen erstatta med ein 300 hk Alpha dieselmotor frå danske Burmeister & Wein.

Fram til skipet blei selt frå Karmøy til Troms i 1997, gjekk «Nyborg» i mange år i fraktefart og som snurpar på sildefisket. Frå slutten av 1960-talet som rein fraktebåt, mykje med asfalt. 

 

Fraktebåtar er lidenskapen min!

Båten er verna som fraktebåt, seier Asgeir, som vedgår at han har vore oppteken av dette skipet i mange år. – Heilt frå 12-årsalderen har eg segla på sandbåtar, seier han, og gamle fraktebåtar er lidenskapen min!

Asgeir fortel at han hugsar båten heilt frå han var ungdom, som ein av dei dei finaste fraktebåtane på kysten. – Og no er ho den finaste! seier han med ettertrykk. 

Han har alltid hatt kontroll på denne båten, visst så noko lunde kor han har vore til ei kvar tid. Då han jobba på redningsskøyta på Hitra, låg båten ved eit skipsverft der oppe.

 

Kjøpt i Nord-Trøndelag i fjor

Då Asgeir fekk nyss om at favorittbåten hans kunne vera til sals, i fjor, heitte skuta «Vågsfjell» og høyrde til i Rørvik i Nord-Trøndelag. Den dåverande eigaren hadde fått 4 millionar av Riksantikvaren til restaurering. Dei siste 2,7 mill. måtte brukast i fjor, før Asgeir ville overta skuta. 

For desse pengane blei det skifta ut stål under vatn på Abelvær, og på Lauvøya i Rørvik blei båten «vannblåst» – eit meir skånsamt alternativ til sandblåsing – og måla. Dette arbeidet var akkurat ferdig då Asgeir Andersen reiste opp til Nord-Trøndelag og henta båten fredag 29. juni. 

Saman med gode hjelparar køyrde han oppover med ein VW Transporter full av nødvendig utstyr og segla båten nedover kysten til Dåfjorden. Først måtte båten ryddast og vaskast, det elektriske anlegget måtte gjennomgåast, ymse utstyr måtte monterast og maskineriet klargjerast.

Men motoren starta på første forsøk, endå båten ikkje har vore i ordinær drift sidan 2004. Dette blei den første langturen for båten sidan 1997, då han blei seld frå Karmøy til Troms. – Båten oppførte seg eksemplarisk! seier Asgeir entusiastisk. Heimturen tok 48 timar; dei køyrde døgeret rundt før dei kom heim til mottakingskomiteen på flaggpryda Dåfjorden Slipp. 

Bortsett frå ein «ubeleilig» motorstopp etter eit kvarters segling i Rørvik gjekk skipet som det skulle heile vegen. Både maskineri, lys og lanterner virka. – Båten ville heim! konkluderer Asgeir. 

 

Vern gjennom drift

Eigar av skipet er Asgeir sitt aksjeselskap A. Andersen Shipping, eit namn som høver godt etter som det òg inneheld det tidlegare namnet på det vel 100 år gamle skipsverftet i Dåfjorden. 

Asgeir legg ikkje skjul på at han treng midlar til vidare utbetring av skuta. Til dette har dei oppretta ein foreining som vil søkja det offentlege og private om pengar. På Facebook kan du lesa meir om foreininga Fraktefartøyet M/S Gamle Nyborg

Den største jobben som står att er utskifting av stål over vatn; det er mykje stål som må klinkast. Asgeir håper å få jobben gjort der han ligg no, ved Dåfjorden Slipp. – Det er enklare å ha båten her, for då kan eg følgja opp arbeidet undervegs, seier han. Det er Dåfjorden som blir heimehamna for «Gamle Nyborg», understrekar Asgeir. 

Målet er å få den 39 meter lange båten på 315 dwt i drift, men då må han restaurerast og opp i standard. MS «Gamle Nyborg» er verna som fraktebåt, seier Asgeir, og er såleis eit verdfullt fartøy. Blant anna har ho den same dieselmotoren som blei sett inn i 1950, den er overhalt og tight og fin i lagera, seier den fornøgde chiefen. 

«Gamle Nyborg» er den siste av dei gamle ståldrifterane, seier Asgeir, og dette gjer skipet ekstra verdfullt. Det er difor Riksantikvaren vil ta vare på denne. Sjølv om skipet berre er verdt skrapjernsverdien om han skulle selja det. Men no satsar han alt på å få papira i orden; slik skipet ligg i dag, er det ikkje klassa. 

Han vil at båten skal gå om somrane og tena pengar nok på frakt av gods i tillegg til inntekter på passasjerar, slik at drifta av skipet kan gå i balanse. Me treng ein del pengar før me kjem dit, vedgår Asgeir, men målet står heil klart: – Båten skal vernast gjennom drift!

Førstkomande torsdag reiser Asgeir med ein liten gjeng til Haugesund på Forbundet Kystens landsstevne, og 2.–5 august skal dei vera med på Fjordsteam i Bergen.

Han gler seg stort, den stolte reiaren, skipperen og chiefen frå Dåfjorden!

 


Asgeir sjekkar oljetrykket før han startar dieselmotoren frå 1950. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Asgeir på brua, der det meste fungerer som det skal. Foto: Kjetil Rydland. 

 


I bestikklugaren tok Asgeir ut kursen. På dette draftet viser han sundet mellom Hitra og Smøla der dei gjekk gjennom. Det var her han såg favorittskuta si sist, medan han var på jobb for Redningsselskapet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her har dei fått den store varebilen på plass og er på veg heimover frå Trøndelag. Foto: Privat.

 


Flott utsikt frå brua under heimturen. Foto: Privat. 

 


På slipp i Abelvær i april. Foto: Privat.