Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen. 

Blekkspruten klatra over ripa!

Fiskar Gunnar Siglen fortel ei litt spesiell historie om ein blekksprut han fekk i båten sin under krepsefiske i vinter. Før fiskaren visste ordet av det, klatra blekkspruten opp den glatte veggen og kasta seg i sjøen.

 

Fiskaren gjorde store auge då han såg blekkspruten dra seg oppetter den glatte veggen i båten. Det var tydeleg at blekkspruten visste å bruka spesialutstyret sitt, sugekoppane, til å berga seg ut av den leie knipa på dørken i fiskebåten til Gunnar Siglen.

Etter det me forstår, er det ein del blekksprut i våre farvatn, og dei er litt plagsame fordi dei et kreps. Fiskar Gunnar Siglen hadde fått opp ein blekksprut og kasta han på dørken, men han hadde ingen planar om å eta beistet. Den lokale fiskaren vår har nemleg ikkje fått smaken på blekksprut, slik mange av oss andre har fått på reiser i aust og vest.

Sjølv om blekksprutflukta kom brått på, hadde Gunnar Siglen heldigvis nok fatning til å dra fram mobilkameraet og ta desse unike bileta. 

 


Her ser me at blekkspruten heng fast på blanke veggen etter sugeskålene sine. Foto: Gunnar Siglen. 

 


Blekkspruten veit at kreps er ein delikatesse. Foto: Kjetil Rydland.