Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed. 

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og ned i Storavatnet. Magne Røed fortel om ei spanande vandring langs det nesten tørrlagde elveleiet. 

 

Tveitaelvo er vel den nest største elva i Fitjar, og er ikkje å spøkja med når det er full vassføring. Men Magne Røed har nytta høvet til å vandra eit stykke nedover det tørre eleveleiet i sommar. Det var ei spesiell oppleving fortel han; enkelte stader var det som om entreprenøren Vassbakk & Stol hadde pukka!

Bileta nedanfor blei tekne 6. juni, nokre dagar før det kom regn etter den første tørkeperioden i sommar. Me går ut frå at vassføringa er endå litt mindre i dag. Magne Røed starta elvevandringa vel hundre meter nedanfor utløpet av Botnavatnet, og følgde elva eit stykke nedover

Me lar biletmaterialet tala for seg sjølv.