Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland.

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

 

Kyrkjelyden blei velsigna med særs godt og lagleg vêr til friluftsgudstenesta i Kråko i går. Og Fridleif Lydersen kunne ønskja velkomen til godt over 150 kyrkjegjengarar på Port Steingard. Her hadde vertskapet Jorunn Hernes og Johannes Sandvik rigga til med bord og benker til dei fleste.

Presten ønskte spesielt velkomen til dåpsbarnet Jenny Myhre og familien hennar. I går var det nesten nøyaktig to år sidan bror hennar, Jonas Myhre, blei døypt under friluftsgudstenesta «på slekta sin grunn» i Vistvikjo.

– Pass dykk for dei skriftlærde! sa Fríðleif Lydersen, i preika over dagens tekst i Markusevangeliet, 12.38-44. Her talar Jesus om farisearane som er opptekne av ein fasade, som ofte ikkje samsvarer med røyndommen. Presten minte oss på å bruka det vi har til nytte for dei menneske me har rundt oss.

Vertskapet fekk tilbakemelding på at Port Steingard er ein godt eigna åstad for friluftsgudsteneste. Her kjem kyrkjelyden gjerne tilbake! 

 


Port Steingard viste seg som ein godt eigna stad for friluftsgudsteneste, dei fleste fekk plass ved borda som vertskapet hadde sett opp kvelden før. Foto: Torbjørn Hovland.