Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss. 

Vandring i elveleie

Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Når det er lite vatn i elvar og bekker, kan du ta deg fram på stader som elles er vaskeleg tilgjengelege. Slik kan du oppleva naturen frå nye og ukjente vinklar. For fire år sidan gjekk me Årbøelva opp frå Fjellheim til Grasvatnet, etter ein uvanleg lang tørkeperiode. I dag var vassføringa like llita, eller kanskje endå mindre, og derfor var det ideelt å leggja søndagsturen langs elveleiet.

Elva som skiljer Rydland og Årbø og renn ut i Storavatnet, er ei av dei største på øya. Når det er stor vassføring, er Eggjafossen den mektigaste fossen på våre kantar. Og det er berre om sommaren det er råd å følgja elvefaret gjennom den bratte fossen. Dei siste åra har me knapt hatt sommar, så no byr deg seg eit sjeldant høve til å klatra den bratte fossen i nokolunde trygge former. 

Eit naturleg mål for ei slik elvevandring er den fine Kvednahølen, som ligg eit stykke innanfor Eggjane. Her ligg ruinane etter Sæterbøkvedno, som me har omtalt på Fitjarposten tidlegare. Når det er sommar som no og varmt i vatnet, er dette ein fin badeplass. Det rike fuglelivet i vassdraget glimra med sitt fråvær i dag, men ei einsleg strandsnipe plystra over Kvednavatnet.  

Turen langs elveleiet er ikkje spesielt krevjande, men høver best for folk med sterke bein og gode sko. 

 


Halvvegs oppe i Eggjafossen. 

 


I november i fjor freista ikkje Eggjafossen til elvevandring. 

 


Øvste delen av Eggjafiossen. 

 


Biletet ovanfor fossen viser at vassføringa i dag er ørlite mindre enn 27. juni 2014, som me har bilete nedanfor: 


Dette biletet blei teke på same staden i 2014. 

 


Ei einsleg strandsnipe gav lyd frå seg ved Kvednavatnet. 

 


Og i eit tre ved sida av sat denne toppmeisa, i lag med andre fuglar av ulike slag.