Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

Framande plantar invaderer Fitjar!

Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av dei er vanlege i Fitjar. Me har sett nærmare på nokre av desse hagerømlingane.  

 

Som eit apropos til den siste tidas skriveri om gyvel, parkslirekne og andre hagerømlingar på Stord, har me blitt oppmoda om å skriva litt om denne problemstilinga, som er like aktuell i Fitjar. Ein rask runde rundt i bygda viser at fleire av dei mest aktuelle artane er godt representerte i Fitjar.

 

Hagerømlingar blir miljøproblem

Kari Rydland ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor viser til brosjyren som Fylkesmannen har gitt ut om problemet med Hagerømlingar som blir miljøproblem. I denne brosjyren kan du lesa om framande plantar som trivst altfor godt og spreier seg i eit omfang som gjer dei til ein fiende av den lokale vegetasjonen vår.

Ho ber publikum setja seg inn i stoffet i nettbrosjyren, som og finst i papirutgåve på kontoret hennar. Om du har risikoartar i hagen, vil du ha god nytte av brosjyren, som gir råd om kva du kan gjere for å hindre at plantane spreier seg til naturområde, eller korleis du nedkjempar den framande arten.

Ein framand art er ein art som opptrer utanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og der han ikkje kunne spreidd seg utan hjelp frå menneske. Planten blir først skadeleg når han reproduserer seg i eit slikt omfang at han konkurrerer ut eller skadar dei artane som høyrer heime hos oss. Dette kan få store konsekvensar, både økologisk, helsemessig og økonomisk

 

 Alle har eit ansvar etter Naturmangfaldslova!

– Alle har eit ansvar for å bidra til å hindra spreiing av uønskte plantar i naturen, understrekar Kari Rydland; dette er nedfelt i Naturmangfaldslova.

Derfor er det viktig at folk er bevisste på kva artar me må unngå å spreia. Kari Rydland minner hageeigarar og entreprenørar på dei viktigaste spreiingsmåtane, nemleg gjennom hageavfall og ukontrollert flytting av masse med anleggsmaskinar. Andre plantar spreier seg ved hjelp av fuglar som et bæra.

Hageavfall skal ikkje dumpast i naturen, det blir rekna som forsøpling, og er ulovleg etter Forurensningsloven § 28. Det bør komposterast anten i eigen hage eller i offentlege anlegg. Desse artane skal leverast som restavfall eller brennast: Parkslirekne, kjempebjørnekjeks/tromsøpalme, kjempespringfrø og hagelupin. Sjå i brosjyren eller på bileta lenger nede i artikkelen om du er i tvil. Kari Rydland minner spesielt om at du må ha eigna verneutstyr for å handtera tromsøpalme. 

 

Parkslirekne og gyvel er verstingar!

Ikkja alle artane på svartelista er like trugande i alle delar av landet. Rynkerosa er forboden å selja, men er mykje meir plagsam på sanddynene i Rogaland enn her hos oss. Syrin er ein anna svartelista hagebusk. Denne er eit stort problem rundt Oslofjorden, men ikkje hos oss. 

Parkslirekne blir rekna som ein av dei 100 mest invasive og problematiske planteartane i verda. Den dannar to-tre meter høge kratt, og spreier seg ved rotskot og masseforflytting. Planten har fleire meter djupe røter, noko som gjer han svært vanskeleg å bli kvitt. Odd Bondevik ved Fitjar Meieri nemner døme på at parkslirekne har blitt flytta med anleggsmaskinar til nye område i Fitjar. 

Gyvel kjem truleg på svartelista i år. Odd Bondevik fortel at han har vore engasjert i å fjerna store mengder gyvel i bygda. Også denne har eit omfattande rotsystem, og er vanskeleg å bli kvitt. Gyvelen har spreidd seg i stort omfang blant anna ved Fitjar Idrettspark og i Rossneset. Den er òg å finna langt til skogs. Det er særs viktig å stoppa gyvelen då han utgjer ein fare for kystlyngheia, som er ein utvald naturtype etter Naturmangfaldlova. 

Fjern bulkemispel og stopp pærebrann!

I byrjinga av dette tusenåret hadde Fitjar årlege utbrot av pærebrann. Denne sjukdommen er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora, og går til angrep på eple- og pæretre og på prydbuskar i rosefamilien. Bulke- og pilemispel er dei mest mottakelege vertsplantane, og derfor har dei blitt forsøkt utrydda.

Fitjar Meieri og dagleg leiar Odd Bondevik har engasjert seg sterkt i dette arbedet, både i Fitjar og andre stader langs kysten der den farlege sjukdommen har vist seg. Det er heilt essensielt å halda sjukdommen borte frå dei store fruktdistrikta, til dømes i Hardanger. 

På svartelista er bulkemispelen oppgitt å ha svært høg risiko. Han er forboden å selja i Norge, men er vanskeleg å stoppa. Fuglar spreier planten med å eta dei fine, raude bæra om hausten. Men me bør gjera det me kan for å fjerna denne smittespreiaren med luking og hogst. Skal det hjelpa å hogga, må nok stubben penslast med plantevernmiddel. 

 

Ta kontakt om du er i tvil!

Kari Rydland ber folk ta kontakt om dei er i tvil. Ho bidrar meir enn gjerne med gode råd, eller viser vidare til andre som kan hjelpa. Ho understrekar at bruk av plantevernmiddel må skje i samsvar med gjeldande regelverk. 

 


Denne gyvelen har forvilla seg langt til skogs, men den forvilla hagebusken finst elles i store mengder ved innkøyrsla til Rossneset og i Fitjar Idrettspark. Gyvelen er vanskeleg å bli kvitt, og kjem truleg på svartelista i år. Foto: Kjetil Rydland. 


Denne spireaen har lurt seg gjennom hagegjerdet og er på veg utover haugane i Ovbygdo. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Rynkerose er meir populær blant biene enn hos Fylkesmannen. Denne planten er eit større problem på sanddynene i Rogaland en her i Hordaland. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Hagelupin er ein forboden plante som har forvilla seg mange stader i Fitjar, men han er ikkje eit så stort problem her som til dømes på Voss. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Fagerfredlaus er ein fager hageplante som spreier seg gjennom utløparar, frø og hageavfall, og veks i store tuer. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Bulkemispel er ein upopulær plante, spesielt fordi han ber pærebrannsmitte. Han er forboden å selja, men finst har forvilla seg mange stader i Fitjar. Denne bulkemispelen veks i fjellet ved Tveitaelva, og lar seg ikkje knekka så lett. Foto: Kjetil Rydland. 
 


Sitkagrana spirer over alt, her ved kunstgrasbanen Fitjar idrettsplass, saman med ein annan innflyttar, geitrams. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Hemlokk høyrer heller ikkje heime her, og bør fjernast. Foto: Kjetil Rydland.