Foto: Colourbox.

Fryktar norsk ungdom øvingskøyrer for lite

Jo meir du køyrer, dess betre sjåfør blir du. Bruk sommaren godt og lat ungdomane sleppe til bak rattet, oppmodar Trygg Trafikk.

 

Mange 16-åringar er klare for å lærekøyra, men føraropplæring er ikkje lenger godkjent som gyldig fråvær frå skulen. Trygg Trafikk er uroa for at ungdomane ikkje køyrer nok før dei skal ut på vegen åleine.

– Unge i alderen 15-24 er dei mest risikoutsette i trafikken. Bruk sommarferien til å la 16-åringane ta over køyringa. Det er viktig at dei øver seg mest mogleg slik at dei får eit godt grunnlag for å bli trygge førarar, minst 140 timer i tråd med Statens vegvesen sine tilrådingar, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk Hordaland, Knut Olav Røssland Nestås.


Tren på å bli ein god sjåfør

Røssland Nestås er tidlegare trafikklærar og har ei klar oppmoding til både dei som skal byrje med trafikkopplæring og foreldra deira.

– Skal du bli flink til noko, så er det trening som gjeld. Det same gjeld for bilkøyring. Køyring handlar ikkje berre om å lære å bruke gir og kløtsj riktig, men å lære å forstå trafikken og vere merksam. Det tekniske er ein del av opplæringa, men vala du tar som fersk sjåfør er mykje viktigare, seier Røssland Nestås.

Vel ein godkjend trafikkskule

Mange foreldre er nervøse og usikre når dei håpefulle skal setje seg bak rattet for fyrste gong.

– Eit godt tips er å la dei gå til ein godkjend trafikkskole i starten slik at dei har eit godt grunnlag før foreldra tar over. Eg vil også tipse om at foreldra blir med på dei fyrste køyretimane. Det gjev innsikt i korleis trafikklæraren jobbar og tips til kva de kan jobbe vidare med.

Bruk den nyaste bilen

– Bruk den nyaste bilen de har. Dette gjeld både når de øvingskøyrer og når poden skal låne bilen etter at lappen er i boks. Og heilt til slutt, ikkje la deg stresse. La det bli ei fin og trygg oppleving for begge to, avsluttar Røssland Nestås.

 


– Jo meir du køyrer, dess betre sjåfør blir du, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk Hordaland, Knut Olav Røssland Nestås.
 

HUGS DETTE NÅR DU SKAL STARTE MED ØVINGSKØYRING:
– Raud L på kvit bakgrunn, godt synleg i bakvindauget eller bak på bilen
– Ekstra spegel til rettleiar
– Rettleiar må vere minst 25 år og ha hatt førarkort samanhengande dei fem siste åra
– Trygg Trafikk og Statens vegvesen tilrår minst 140 timar med øvingskøyring
– Bilen må vere i klasse B, som har tillaten totalvekt inntil 3500 kilo
– Du kan ikkje lærekøyre i utlandet
– Prov for gjennomført trafikalt grunnkurs og legitimasjon må vere med under køyring