Linnea Vestbøstad i godt selskap under «Proffuken 2018» i Arna. Foto: Privat. 

Linnea frå Fitjar på «Proffuken 2018» i Arna

Linnea Vestbøstad brukte første veka av skuleferien til å bli kjend med toppklubben Arna Bjørnar saman med 30 andre fotballjenter.

 

Då toppserieklubben Arna Bjørnar samla 30 av dei mest lovande fotballjentene på Vestlandet til «Proffuken 2018», var naturlegvis Linnea Vestbøstad frå Fitjar på plass.Til saman 30 spelarar frå årgangane 2003, 2004 og 2005 var med. 

Samlinga fann stad på treningsfeltet Arna Stadion i Ytre Arna. Linnea var einaste jente frå Stordøya, og dei nærmaste «naboane» ho hadde med seg, var Maria Østervold frå Austevoll og Anna Rød frå Os. Begge desse er til liks med Linnea fødde i 2004. Jentespelarar frå Arna Bjørnar og andre klubbar i Hordaland var med. I tillegg har det vore med spelarar frå Førde, Stryn, Ørsta, Blindheim, Randesund,Tabarskjelvar, Syril og Randesund.

Arna-Bjørnar presenterte klubben sin for spelarar og føresatte som var til stades. Ungdommane fekk blant andre treffa talentspeidar Bent Raknes, førstelagstrenar i Arna Bjørnar, Morten Røsland, og Kjetil Lone frå Olympiatoppen. Hovudansvaret for opplegget med jentene hadde spelarutviklar Martin Knutsen Dolvik. 

 

I løpet av veka fekk Linnea vera med på ei rekkje gode treningsøkter. Spelarane fått jobba med ulike ting som dei kan halda fram med når dei kjem heim til sin eigen klubb. 

På ei slik samling ser dei ifølgje Dolvik etter kven som har talent og vil noko, med tanke på å få dei til å satsa vidare. No har Linnea litt meir føling med kva som krevst, og kanskje vil ho ta fleire steg etter kvart?

 


Linnea Vestbøstad nummer to frå venstre. Foto: Trond Gausemel, Hordalandsotball. 

 


Linnea Vestbøstad nummer to frå venstre. Foto: Trond Gausemel, Hordalandsotball.