Fitjar Skulekorps under siste gjennomkøyring på heimebane før dei reiste til Bergen. Foto: FP-arkiv/KR.

Skulekorpset: Forundra over tolvteplass

Fitjar Skulekorps blei nummer tolv i 2. divisjon brass under årets NM i Bergen, sjølv om dei leverte ein flott konkurranse fredag ettermiddag.

 

Mange var imponerte, og det unge skulekorpset vårt hausta ståande applaus og mange lovord etter framføringa av stykket Jekyll & Hyde fredag. Både musikarar og dirigent storkosa seg på scenen, og alle var samde om at musikantane hadde levert sitt beste då det gjaldt som mest. 

Resultatet kom først laurdag kveld i 21-tida, og både korps, støtteapparat og supporterar blei litt forundra, og kanskje skuffa, over 12.-plassen i 2. divisjon med 82. poeng. Dei hadde jobba godt med stykket og hadde ei god framføring. Etter dei gode tilbakemeldingane å dømma, hadde dei godt håp om ei høgare plassering.

Korps- og musikkjennarar hadde tippa korpset høgare opp, men slik enda det altså ikkje, trass i mange lovord frå dommarane. Korpset har likevel hatt ei ugløymande oppleving i godvêr under landsfestivalen i Bergen, med musikk frå alle kantar.

- Annonse -

Sjå heile resultatlista for NM skulekorps brass