Fagprøvekandidat Marcus Sørli Birkeland rører i sjysausen rett før servering. Foto: Kjetil Rydland.

Fagprøve for kokkar på Fitjar vidaregåande

Fitjar vidaregåande skule er for tida vertskap for fagprøvar i kokkefaget, og i går fekk Fitjarposten vera med og nyta maten då åtte kandidatar var oppe til prøven.

 

Denne veka har det vore minst like travelt som til vanleg på kjøkenet til Fitjar vidaregåande skule. Alle fagprøvane i kokkefaget i Hordaland er nemleg lagt til Fitjar. Dei 42 kandidatar kjem frå ulike bedrifter i fylket. For mange år sidan var skulen på Fitjar åstad for slike fagprøvar, men dei seinare åra har dei blitt lagt til Bergen.

For å avvikla fagprøven i kokkefaget må naturlegvis nokon eta maten, og Fitarposten fekk vera med på gårsdagens fagprøvemiddag.

 


Leiar i fagprøvenemnda, Dag Stian Knudsen, og Camilla Rambø frå Fagopplæringskontoret i Hordaland. Foto: Kjetil Rydland.

 

Under fredagens middag var åtte kandidatar opp til prøven i kokkefaget, fortel leiar for prøvenemnda i Hordaland, Dag Stian Knudsen. Og det var dekt på åtte bord i kantina, med gjester som fekk gleda av å nyta restaurantmaten som kandidatane produserte. 

Knudsen fortel at prøven går over to dagar, og inneheld tre hovudelement, førebuing, gjennomføring og evaluering. Første dagen er det teoretiske oppgåver og litt praktisk førebuing av matlagingsoppgåva. Andre dagen er kandidatane berre på kjøkenet. Først lagar dei ein lettare lunsjrett, og på ettermiddagen lagar dei ein full tre-rettars middag som blir servert til dei innbedne gjestene. Etterpå får elevane høve til å evaluera sitt eige arbeid, før prøvenemnda gir sitt svar. Kandidatane blir målt på alt arbeidet dei gjer begge dagane, seier Knutsen, som er sensor saman med Magne Aas, også han frå prøvenemnda.

I tillegg til dei to medlemmene i prøvenemnda var opplæringskonsulent Camilla Rambø travelt oppteken i det moderne kjøkenet i går. Ho arbeider for Fagpplæringskontoret i Hordaland, og skal følgja opp dei enkelte kandidatane. Ho fortel at dei fleste av dagens kandidatar kjem frå bedrifter som har avtale med Fagopplæringskontoret. Den vanlegaste måten å få fagbrev er å gå to år på skule først og deretter to år i lære i ei bedrift.

Blant dei ivrige kandidatane fekk me helsa på Marcus Sørli Birkeland. Han er ein av to kandidatar som har gått på Fitjar vidaregåande skule, og kjenner godt både lokalitetane og middagsgjestene. Han unner seg ein aldri så liten pause for å forklara korleis han har laga sjysausen og resten av middagsmaten. 

Både Camilla Rambø og medlemmene i prøvenemnda rosar omgivnadene, og ikkje minst engasjementet til dei tilsette på skulen. Det har blitt lagt godt til rette for gjennomføringa av fagprøven frå alle partar.

Rektor Leif Helge Engelsen set naturlegvis pris på ros: – Det er travelt, men det har vore eit veldig kjekt og godt samarbeid seier han.

Og han vil meir enn gjerne ha fleire fagprøvar til skulen sin. Det ønskjet får han oppfylt allereie i august; då kjem prøvenemnda tilbake med fleire kandidatar. Måtte dei berre laga like god mat som gårsdagens kokkar. Me kjem iallfall meir enn gjerne tilbake. 

 


Familien Fitjar, f.v. Tore Sigurd, Turid, Soveig og Mette Lambach fekk nyta fredagsmiddagen som gjester under fagprøven i går. Foto: Kjetil Rydland.