Verftsdirektør Hugo M. Strand smiler om kapp med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen under besøket på Fitjar Mekaniske i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

Samferdselsministeren likte det han såg på Fitjar Mekaniske

Saman med representantar for Kystverket var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på ein kort visitt ved Fitjar Mekaniske Verksted i dag, og han seier han likte det han såg.

 

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er på ei vekes rundreise for å oppleva på nært hald alt som har med ansvarsområdet hans på land og sjø. Den einaste stoppen han tok seg tid til i vårt distrikt, var eit kort besøk på Fitjar Mekaniske Verksted. Grunnen til at han stoppa akkurat her, er at Kystverket for tida byggjer det nye skipet sitt OV Ryvingen på Sveiseneset. 

 


Ministeren tok seg tid til eit kort besøk om bord på det nye skipet til Kystverket, som er under arbeid ved Sveiseneset. Foto: Kjetil Rydland.

Som kjent er Kystverket ein etat som sorterer under Samferdselsdepartementet, og er såleis Solvik-Olsen sitt ansvarsområde.

– Ja, eg likte det er såg, seier statsråden til Fitjarposten, og han legg til at det verka som om Kystverket sine folk var fornøgde. 

Sjølv var statsråd Solvik-Olsen like oppteken av å oppdatera seg på prosjektet til Kystverket som på bransjen generelt. Han er heilt overtydd om at den norske skipsbyggingsindustrien er konkurransedyktig. Ikkje på å byggja store supertankarar, seier han, men på prosjekt som krev stor teknisk kompetanse. Våre næringsklyngjer med design og skipsbygging ligg langt framme, meiner ministeren. 

Solvik-Olsen understrekar at det er ein konsekvens av vedtak som regjeringa gjorde, at Fitjar Mekaniske kunne vinna kontrakten med Kystverket. Dei sørgde for at kontrakten kom ut i marknaden på ny, med strenge miljøkrav. Og dette gjorde det mogleg for Fitjar Mekaniske Verksted å vinna fram.

På si ferd langs vestlandskysten har samferdselsministeren vore innom skipsverfta Ulstein og Havila og sett på nye miljøvennlege løysingar for skipsfarten. Han lovar at innan 2020 vil 60 ferjer i Noreg vera batteridrivne. Ministeren gler seg over at norsk industri er langt framme på området, både av omsyn til miljøet og fordi det gir arbeidsplassar, og han legg til: 

– Kunnskapen dei utviklar i bransjen, blir delt, og blir til nytte for fleire!


Den lokale frontfiguren i Framstegspartiet, Sigurd André Maraas, fekk samferdselsministeren til å stoppa på Austebødn på Rydland, slik at han fekk lagt inn eit godt ord for Sæterbøvegen. Foto: Kjetil Rydland.