Høgre-representantar: Stord og Fitjar bør gå tilbake til forhandlingsbordet

Stortingspolitikarane Liv Kari Eskeland og Ove Trellevik oppmodar Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes om å gjenoppta samtalane om kommunesamanslåing.

I dagens Bergens Tidende, presenterer Ove Trellevik, , som er Høgre sin kommunalpolitiske talsperson på Stortinget, eit forslag til ny kommunestruktur for det nye Vestland-fylket.

Sjølv om talet på kommunane i dagens Hordaland og Sogn og Fjordane vil vere redusert frå 59 til 44 kommunar, meiner han at talet bør ned til 25.

– Me er berre halveis

– Det er framleis eit stort potensial for fleire samanslåingar. Me er berre halvveis, seier Ove Trellevik til avisa.

Til avisa ser at han for seg at Stord og Fitjar er dei mest openberre kandidatane til ein ny diskusjon om samanslåing, og meiner også Tysnes bør tenkje på å rette blikket mot Stord. Trellevik er tydeleg på at småkommunar som Fitjar og Tysnes ikkje vil vere berekraftige grunna dei demografiske endringane.

Trellevik får støtte frå tidlegare Stord-ordførar Liv Kari Eskeland. Ho er uroa over at Sunnhordland er den einaste regionen i det nye Vestland-fylket der ein ikkje har fått til ei einaste kommunesamanslåing.

– Eg skulle forferdeleg gjerne hatt eit større og sterkare Sunnhordland. Ikkje berre Stord og Fitjar, men i mine auge skulle eg gjerne sett at Bømlo var med som eit minimum, men også Tysnes.

Tapar mot andre regionar

Eskeland, som lenge har vore for samanslåing i Sunnhordland, har blitt endå sterkare i trua etter at ho kom på Stortinget.

– Slik eg opplever det frå Stortinget, så får me i Sunnhordland veldig lite fokus i forhandlingane om kor ein skal legge funksjonar i det nye fylket, men også generelt mindre merksemd fordi me framstår som fragmenterte. Ein greier å samle seg mykje meir i andre regionar og dermed bli sterkare.

– Trur du det er vilje lokalt for å ta opp igjen diskusjonane?

– Eg vonar inderleg for Sunnhordland sin del at diskusjonen ikkje er lagt død, men at ein kan tenkje seg å halde fram samtalane om å bygge eit større og sterkare Sunnhordland. I Fitjar vil ein kanksje sjå annleis på det dersom Bømlo skulle signalisere at dei vil vere villig å ta opp hansken, seier Eskeland.