Svein Roger Koppang dirigerer korpset under den siste øvinga på heimebane onsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland. 

Skulemusikken klar til NM!

I går ettermiddag kunne eit publikum på rundt 100 musikkunnige gle seg over å høyra at Fitjar Skulekorps er vel førebudd til NM, som går av stabelen i Bergen til helga.

 

Fitjar Skulekorps har øvd intenst i det siste, med tanke på NM i Bergen, og i dag hadde dei bedt publikum koma og høyra programmet dei skal framføra.

Nesten hundre søsken, foreldre, besteforeldre, oldeforeldre og andre pårørande hadde funne vegen til Kultursalen. Og det kunnige publikummet kunne gle seg over ei flott musikkoppleving. 

 


Musikkjennarane Torolf Larsen og Ingolv Rimmereid kan slå fast at dette er bra kvalitet. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Kari Konglevoll Prestbø og Kitty Træet i styret og støtteapparatet for skulekorpset seier at det ikkje først og fremst er plassering som gjeld når deira håpefulle konkurrerer. Det viktigaste er å gjera ein god prestasjon, der dei får fram sitt beste. Og så blir plasseringa som ho blir.

I 2015 vann Fitjar Skulekorps 2. divisjon, og dei har fleire gode plasseringar i 1. divisjon. Men korpset har noko lågare gjennomsnittsalder enn mange av korpsa dei konkurrerer mot. Den yngste medlemen er sju og eit halvt år! Derfor er både dirigent Svein Roger Koppang og støtteapparatet i Fitjar Skulekorps mest av alt opptekne av at dette skal bli ei god oppleving for alle. 

Fitjar Skulekorps spelar denne gongen i 2. divisjon, med bestillingsverket «Jekyll & Hyde». Det er komponert av Richard Rock, som dirigent Svein Roger Koppang kjenner frå studietida si i Manchester. Det er eit krevjande stykke for ungdommane, vedgår Svein Roger:

– Det er ikkje akkurat den typen musikk eg trur ungdommane har på ipodane sine! seier han og smiler.

Det kan me vera einige i etter gjennomgangen på rundt 14 minutt onsdag ettermiddag. Men kommentarar frå dei mest kunnige blant publikum tyder på at dette er bra saker, og dei kan gjera det godt i Bergen.

Dei reiser torsdag ettermiddag, og fredag klokka 12.55 skal dei framføra nummeret sitt. Då opptrer dei kjekkaste musikantane i Grieghallen! Kitty Træet fortel at dei vil prøva å overføra direkte frå Bergen på Facebook-sida til Fitjar Skulekorps. 

Plasseringa blir ikkje offentleggjort før laurdag kveld, medan korpset framleis er i Bergen, saman med hundrevis av andre flinke musikantar frå alle kantar av landet.

Me ønskjer lykke til, og lovar å følgja med på korleis det går. 

 


Vegard Aarbø og Jacob Mehammer, travle og trauste gutar som sikrar skulekorpset suksess. Foto: Kjetil Rydland.