Ein stor dag for Randi og Kristoffer Dalen, her saman med Hans Christian Høyland frå betongentreprenøren Høyland & Tveit AS og byggjeleiar Jarle Hole frå Gråkjær AS.

Stor dag for store fjøs på Rimbareid og i Dalen

Fitjar har fått to nye, store fjøs det siste året, og i går blei dei topp moderne driftsbygningane på Rimbareid og i Dalen offisielt opna med gjester frå landbrukssamvirket, organisasjonar, entreprenørar og styresmakter, i tillegg til fleire hundre bønder i alle aldrar. 

 

– Dette er stas! Fitjar er ei flott jordbruksbygd med ein bondestand av sjeldant godt merke!

Orda tilhøyrer Geir Røssland, leiar av Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor. Han hadde fått æra av å stå for den offisielle opninga av dei to nye fjøsa. Begge driftsbygningane har vore i bruk sidan i fjor, men i går bad Felleskjøpet Rogaland Agder og samarbeidspartnarar inn til høgtideleg opning, med talar, blomar og velfortente gåver til dei to driftige bøndene og familiane deira.

 


Geir Røssland ved landbrukskontoret i munter passiar med Ingolv Rimmereid, som er vaksen opp i tunet på Rimbareid. Foto: Kjetil Rydland. 

Imponerande mot og tiltakslyst

Over 200 bønder og andre skodelystne i alle aldrar let seg imponera over dei moderne driftsbygningane. Og ikkje minst over tiltakslysta og motet hos dei to familiane som har investert så stort. Til saman har dei to bøndene investert over 20 millionar i ei framtid som mjølkebønder i Fitjar. Men begge forsikrar at det ikkje går ut over nattesøvnen! 

For ivrige bønder og jordbruksinteresserte starta dagen med markvandring på attelegget til Lars Ove Rimmereid. Den offisielle opningsseremonien starta med songen om besten, ved den 92 år gamle kvedaren Ingolv Rimmereid. Han er sjølv oppvaksen i tunet der Lars Ove Rimmereid rår i dag. 

Etter opninga stod gratulantane i kø. Ola Haugland frå Felleskjøpet takka for det gode samarbeidet og gjekk gjennom prosjektet på Rimbareid. No har dei bygt for å kunna dobla mjølkeproduksjonen, frå 185 000 liter til 400 000 liter i året. Haugland rosa både byggherren Lars Ove Rimmereid og heile opplegget. Han meinte det er eit rimeleg og greitt byggeprosjekt, sjølv om det inneber eit lån på 6 millionar. 

– Lånet er snart nedbetalt, sa Lars Ove Rimmereid med eit lurt glimt i auga. 

Representantar frå Norsk Lanbruksrådgiving Vest presenterte driftsplan og byggerekneskap for nybygget, og gjekk gjennom beredskapsplanen. Elles vanka det gåver og helsingar frå Sunnhordland produsentlag ved Øystein Huglen og frå Nortura ved Karluf Håkull og Erling Eggebø.  

 


Lars Ove Rimmereid får velfortent gåve frå Nortura. Foto: Kjetil Rydland. 


Så kjekt er det å sjå på nye fjøs! Veteranane Kristen Aarbø og Bart van Gool hadde ein god dag. Foto: Kjetil Rydland. 

 


På Rimbareid var det Nortura som stod for serveringa, i Dalen var konkurrenten Fatland på plass. Foto: Kjetil Rydland. 

  

– Det lengste fjøset eg har gått langs!

Dei fleste skodelystne blei med over til den nye fjøset som Randi og Kristoffer Dalen har bygt på haugane sine. 

Øystein Huglen helsa her òg frå Sunnhordland produsentlag, og det var han som kom med dette utbrotet: – TINE må vera fornøgde med det lengste fjøset eg har gått langs!

I motsetnad til på Rimbareid har Kristoffer Dalen bygt både for ungdyr og mjølkekyr, eit bygg med plass til 160-170 dyr til saman. Det er plass til 65 mjølkekyr, men målet er å ha rundt 55 årskyr. Han har allereie 45 kyr på plass. I år slår han om lag 230 mål grasmark, men han reknar med å utvida arealet etter kvart. I dag disponerer han ein mjølkekvote på 430 000, når han reknar med det han leiger. Av dette eig han ein kvote 275 000 liter, men han har eit klart mål om å bli eigar av ein kvote på 400 000 liter i året. 

Han kjøper ein del fôr, og det er han innstilt på å halda fram med ei stund. Nye siloar slapp han å byggja, for han kan bruka dei som han bygde i den gamle driftsbygningen sin i Dalen på 1990-talet. Her har han plass til 550 kubikkmeter silifôr. Men elles var ikkje den floren god nok til å halda fram i. Det går greitt å køyra siloforet frå Dalen opp på haugane og fôra i den nye floren. Som andre bønder bruker han og rundballar. 

– Me likar å arbeida mykje!

I dimensjonar er nybygget på haugane i Dalen ikkje så mykje større enn fellesfjøset på Rydland, der fire bønder gjekk saman om driftsbygning i 2004. Men dette bygget er mykje meir avansert, og har kravd noko større investering. Men det uroar ikkje Kristoffer det aller minste. 

– Eg veit at eg klarer å betjena det eg har lånt – økonomisk går dette heilt greitt!

Kristoffer legg til at han ikkje er redd for å arbeida. Både han og kona Randi liker å arbeida mykje, elles hadde han nok ikkje satsa på denne måten. 

– Eg er ikkje typen på å sitja heime! seier han og smiler.

Elles gler han seg over at begge sønene, Håvard og Nils Ingmar, engasjerer seg sterkt i prosjektet. Både ekteparet og dei vaksne sønene kan med alt det avanserte utstyret i driftsbygningen. 

 

Avansert utstyr

Til liks med hos Lars Ove Rimmereid har DeLaval levert heilautomatisk mjølkestall der kyrne kan møta opp og bli mjølka etter «sjølvbetjeningsprinsippet». Randi fortel at kyrne er innom og lar seg mjølka i gjennomsnitt tre gonger for dagen. 

I Dalen har dei investert i eit avansert, fullautomatisk foringsststem. Den same vogna fordeler silofôr i alle delar av fjøset, og kraftfôr til ungdyrsida. Dette er levert av TKS, ein underleverandør til Felleskjøpet, som har levert all I-mek til nyefjøset. 

Fjøset til Randi og Kristoffer Dalen er bygt i totalentreprise av Gråkjær AS, som har 45 års erfaring frå bygging av driftsbygningar til landbruket. Marknadssjef Vegard Schanche gjorde greie for prosjektet og takka for det gode samarbeidet. Han kunne fortelja at firmaet hans i desse dagar er iferd med å gjera ferdig sitt fjøsbygg nummer 3000 på Austlandet!

Optimisme og velvilje

Skal me dømma etter interessa i går, kan det sjå ut som om jordbruket har bra velvilje blant folk. Langt over 200 nytta høvet sjå dei avanserte fjøsa på nært hald. Det blei spesielt folksamt utover ettermiddagen, då mange kom heim frå jobb og tok vegen bortom haugane i Dalen.

Som alle andre lét me oss imponera over kor reint alt er i dei nye fjøsa. Både arbeidsmiljø og dyrevelferd ser ut til å vera på eit heilt anna nivå enn me visste. 

Til liks med landbrukssjef Røssland slår me fast at dette er stas, og ønskjer dei driftige bøndene lykke til!

  


Kua er glad for å kunna børsta ryggen når ho sjølv vil. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kua får helsa på barn og barnebarn til Randi og Kristoffer Dalen, Cecelie Dalen Helland og Elisabet Dalen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Tore Risdal frå TKS viser korleis han programmerer det avanserte fôringssystemet. Foto: Kjetil Rydland.

 


For å kunna fôra heile krøtterflokken med eigenprodusert gras treng Kristoffer Dalen å leggja nytt land under plogen. Foto: Kjetil Rydland.